Fogn: Heile øya markerer frivillighetens dag

Laurdag 14. mai slår alle lag og foreiningar, samt kyrkje og bedehus, eit felles slag for frivilligheita.

Fogn har eit stort utval av turløyper. Her frå kommunen si skattejakt i fjor sommar. Foto: Arkiv|
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

 

FOGN:

Representantar frå helselaget, idrettslaget, grendalaget, ungdomslaget, bondelaget, husflidslaget, kyrkja og bedehuset jobbar saman for å laga ei minnerik markering av dagen.,

Som mange veit allereie er 2022 frivillighetens år, og det skal markerast på ulikt vis over heile landet.

Ei god oppleving

,Etter inspirasjon frå Nasjonalforeningen for folkehelse sitt motto

Gå med oss

legg initiativtakarane opp til at folk som ikkje kjenner kvarandre skal gå tur saman. Altså, å gå tur med ein du ikkje kjenner.

- Ja, det oppmodar me til, men det er sjølvsagt ikkje slik at alle må det. Det viktigaste er at så mange som mogleg kjem til Fogn denne dagen for å få ei god oppleving. Dei som er med i arrangementskomiteen skal syta for å setta saman dei som vil i forskjellige i turgrupper. Me legg opp til to ulike turar, ein litt lenger enn den andre. Etter at turane er unnagjort blir det servering av tomatsuppe laga av fogna-tomatar, kaffi, kaker og drøs, fortel Oddny Kjølvik i fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelse.

Ho fortel at dei har gått breitt ut og invitert hyttefolk, sambygdingar frå dei andre øyane, tilsette i kommunen, turistforeningen, grendalaga, frivillighetssentralane, familiar, vener og kjente frå heile regionen.

Turdestinasjon

- Me har verkeleg lyst å visa fram Fogn som den ypparlege turdestinasjonen øya er. Me har lyst at folk skal bli kjende med Fogn, og me vil gjera så godt med kan i forhold til det. Difor vil medlemmane i arrangementskomiteen har gule vestar, og desse går meir enn gjerne tur med nokon som ikkje er kjende. Dei er for øvreg behjelpelege med det meste, og kan svara på spørsmål. Arrangementet er lagt opp i henhold til ferjerutene til og frå Judaberg og hurtigbåtane til og frå byen.

Det er gratis å vera med, og du treng ikkje melda deg på.

Markeringa skal vera med på å synleggjera frivillige organisasjonar og frivilligheitspolitikken i Norge. Målet er å bidra til auka deltaking, mangfald og bevisstgjering av den meirverdien frivillig sektor bidreg med i samfunnet.

Publisert: