Gro Skartveit gir si støtte til planane om eit nytt politisk parti, Sentrum.

Lokallaget til Norges eldste parti planlegg årsmøte med det aller første, og der kan det bli gjort vedtak om å leggja ned partiet.,

-Det er opp til årsmøtet å avgjera dette, men det er mykje som tyder på at laget vil bli lagt ned, seier fungerande leiar Ole Klingsheim i Finnøy Venstre til Øyposten.

-Dette er ikkje av vond vilje, men me har ikkje folk som vil driva det vidare. Med mindre det skulle dukka opp nokon på årsmøtet, sjølvsagt, seier Klingsheim, som tykkjer det er vemodig å avvikla lokallaget.

- Det var ingen som hadde tenkt det skulle enda slik, seier kasserar i Finnøy Venstre Svein Nordbø.

Sjølv om Venstre i Finnøy nå er nede for teljing, så har partiet sett betre dagar. For to periodar sidan fekk partiet ordføraren, ein bragd som Gro Skartveit sto bak. Det blei med den eine perioden i ordførarstolen for Skartveit, sjølv om ho var den som fekk flest stemmer i førre kommuneval og Venstre susa inn med ei rekordstor gruppe på fem i kommunestyret.

-Det var ingen som hadde tenkt at det skulle enda slik, seier kasserar Svein Nordbø.

-Kva har skjedd?’

-Det rakna etter at Gro og Heidi Skifjell melde seg ut då Venstre gjekk inn in regjeringa. I tillegg flytta dei også frå kommunen. Då ramla mykje saman, meiner Nordbø.

Rasmus Hidle, som representerer Venstre i Finnøy kommunstyre, er ikkje overraska over utviklinga.

-Det tynnes ut i rekkene, spesielt på toppen. Nokon må stå på viss partiet skal leva. Ole Klingsheim kunne blitt ein framifrå leiar, men jobben hans krev for mykje til at han får nok tid til Venstre. Dessutan skal Finnøy nå gå inn i Nye Stavanger, og i Stavanger er det eit oppegåande Venstre-lag, seier Rasmus Hidle.