Fotballen i Mastra og Rennesøy blomstrar som aldri før

Medan både Finnøy og mange andre fotballklubbar opplever eit betydeleg fråfall av unge spelarar ved overgangen til junior- og seniorfotballen, kan naboklubben Mastra gleda seg over at dei i komande fotballsesong kan stilla både med juniorlag, rekrutteringslag i 7.divisjon og A-lag.

Leiar for fotballen i Mastra IL, Eirik Hodnefjell.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå,

Og som om ikkje det var nok, så kan kameratgjengen som berre vil kosa seg med fotballen og møtast til trening og kamp av og til, no også få eit tilbod.

-Då har me  også meldt på eit 7-ar seniorlag som då kan spela såkalla 7-ar fotball på liten bane, seier ein tilfreds fotballformann i klubben, Eirik Hodnefjell.

Eirik, som sjølv har bakgrunn som aktiv både i Vidar og Viking og mange år som ei sentral brikke på A-laget til Mastra. Han trur ei av årsakene til at dei akkurat no klarer å behalda så mange spelarar i den vanskelege overgangen mellom junior og seniorfotballen, er stabile og gode trenar- og lagleiarar som har lagt til grunn det som er det viktigaste innanfor breiddefotballen, nemleg trivsel og glede innanfor trygge sosiale rammer og der ALLE skal få vera med. Og det er nettopp det som no avspeglar seg i det tilbodet me gir på junior- og seniornivå, poengterer Hodnefjell.

Bra også på jentesida

Om utfordringane er store med fråfall på herresida, så er den enno større blant jenter. -Men også her har me relativt god aktivitet, seier dagleg leiar i Mastra Idrettslag, Morten Robberstad. I desse dagar er han i ferd med å melda på tre ungdomslag i årsklassane Jenter 17 år, Jenter 15 og Jenter 14 år.

Robberstad fortel at det ikkje alltid har vore slik, men trur ein av grunnane er det betydelege arbeidet som er lagt ned for å få sertifisert klubben som ein såkalla «Kvalitetsklubb» etter retningslinjene frå NFF. -I denne ligg der også inne ein sportsplan som gir  klare føringar for korleis me ynskjer å driva klubben vår.

God jobb

Og med fotballformann Eirik i spissen, som har gjort ein framifrå jobb for å setja denne ut i praksis, har me klart å få ei felles forståing for korleis klubben skal drivast, seier Robberstad .Han fortel også at den relativt nystarta naboklubben, Rennesøy FK med base på Vikevåg, og har om lag 125 aktive fotballspelarar.-Også dei har mange dedikerte og dyktige trenarar og leiarar, og driv godt på sin måte. Så,ja, fotballen i nedslagsfeltet til både Mastra og Rennesøy FK  blomstrar som aldri før, avsluttar ein tilfreds dagleg leiar, Morten Robberstad.

Publisert: