Også dyr kan bli sjuke og trengja hjelp, sjølv om det er korona-krise.|

Det er overraskande for både produsentar og tillitsvalte i sauenæringa.,

-Eg tvilar eigentleg på om slakterisamvirket Nortura, som har ansvaret for marknadsreguleringa, har full kontroll, seier ein noko frustrert nestleiar i Rogaland Sau og Geit, rennesøybonde Kjell Åge Thorsen.

-Me får høyre gong på gong frå Nortura at ein sel godt med kjøt i marknaden, og me produsentar stiller  ofte opp på grillaksjonar og andre markeringar for å profilere lam- og sauekjøt Eit kjøtprodukt som både er produsert på ein berekraftig og miljøvennleg måte, spesielt som kulturlandskapspleiar her på dei grøne øyane i Rennesøy og Finnøy og Nye Stavanger, som no blir nærmare 21000 sauer.

Ved inngangen til september hadde Nortura 594 tonn lam på reguleringslager. Det er over tre gonger meir enn på same tid i fjor då lageret var på 174 tonn. Det er avisa Nationen som skriv dette og avisa som først omtalte saka.

- Også dette er overraskande all den tid produsentane verkeleg har teke ansvar og redusert produksjonen betydeleg, påpeikar Thorsen.

I følgje tal frå Nortura så vil det totalt bli slakta 1.046 000 lam i år, noko som er 79 000, eller sju prosent færre enn i fjor.

-I tillegg har me spesielt her i sauefylket Rogaland hatt ein utruleg flott beitesommar som har resultert i ein framifrå kvalitet på lammeslakta. Det får me også tilbakemeldingar på. Då er det frustrerande at me ikkje klarer å få marknaden i balanse, og både underteikna og fagorganisasjonen Norsk Sau og Geit meiner at marknadsregulatoren og kjedene ikkje gjer nok for å selja norsk sau- og lammekjøt.

-På kva måte då?,

- Det er faktisk slik at for dei tre andre store kjøtslaga, kylling, gris og storfe, så gir kjedene hylleplass året rundt. Men for sau og lam derimot, er det veldig sesongretta inn mot fårikålen på hausten og pinnekjøt til jul. Men lam, også frose, er mest like godt året rundt. Så her har me framleis ein stor jobb å gjera, innrømmer Kjell Åge.,

- Er pris og ein sterk konkurranse frå det tre andre store kjøtslaga ein utfordring?

-Det er det heilt klart, men eg og næringa meiner det er mykje å gå på for å styrka salet. Mest fordi sau og lam framleis har ein stor preferanse i den norske marknaden. Men diverre er det også eit faktum, at me enno slit med etterverknaden av den store nysatsinga og etableringa som var i sauenæringa i perioden 2010-2015. Difor fryktar eg at det same kan koma til å skje med storfe og ammekyr, og den sterke etableringa som no  skjer i denne næringa. Historia har diverre vist at det ofte er dette som skjer når ein blir oppfordra til å satsa, avsluttar sauebonden på Rennesøy.

Jon Asgaut Flesjå