Rektor Bente Tjelta håper at basenget kan opnast fortast mogleg.|

Då er det igjen klart familiebading i bassenget på Finnøy sentralskule.,

- Interessa for familiebadinga har vore ganske god, og me prøver oss difor med to puljer, ei klokka 10 og ei klokka 11, seier June Mjølsnes Steinnes til Øyposten.

Familiebadinga har lange tradisjonar på Finnøy.

- Eg har mange gode barndomsminner frå laurdagane i bassenget. Då var det først bading og så heim til graut, seier Steinnes.

Familiebadinga er open for alle, men kjem du åleine må du vera over 10 år.  Badehette høyrer sjølvsagt også med.

- Det er plass til 25 i bassenget, så det blir første mann til mølla. Det er bare å møta opp i god tid. Dei det ikkje er plass til i første pulje kan koma tilbake i andre, seier June Mjølsnes Steinnes.

Det er Finnøy Idrettslag som står bak tiltaket, og for å sikra at badinga går sin gang vil dei gjerne ha fleire til å melda seg som badevakter. Interesserte kan ta kontakt med idrettslaget.

(Kilde: Artic Pro)