Finnøy Pulslag er klare til innsats

Om snaue to timar går det fyrste startskotet i den historiske løpsfesten i Ryfast. Utdelinga av startnummer er i gang, og den fyrste av 15 puljar på 21 kilometeren, startar klokka 1200.,

Kvar pulje har 500 løparar og startar med 5 minuttars mellomrom. Makstida er sett til 3,5 timer, slik at dei dei fleste skal ha ein fair sjanse til å komma i mål. Totalt er det 7687 personar som har meldt seg på, kor 7301 av desse skal springa halvmaraton.

Ved kontrollmålingar tidlegare i veka blei det oppdaga at løypa er 100 meter for kort, men det blei det orden på ved å legge til ei sløyfe på slutten av løypa slik at tidene kan godkjennast som halvmaraton.

  • Eg «grugelede» meg. Gruar meg fordi dette blir knallhardt, og formen kunne heilt klart vore betre. Og så og så gler eg meg til å komma i mål i og oppleva denne folkefesten. Eg tek eg dette som ei treningsøkt, og får det på cv`en i tillegg, smiler Kjell Emil «Kjelli» Berge.

  • Og tida?

  • Viss eg klarar fullføra på 2 timar, eller innan 2 timat og 10 minutt, er godt nøgd, seier Kjelli som startar i pulje 4 klokka 12.15.