Gravemaskinane har endå ikkje sett grabbane i jorda for gang- og sykkelveg i Viklekleiva.

Vegvesenet har rekna på om det kunne vera eit alternativ å finansiera prosjektet med ein eigen bomstasjon på den aktuelle strekninga, i staden for å bruka pengar frå Finnfast-bommen. Forutsetninga for denne løysinga var lågare bomtakstar og lengre innkrevingstid.,

Men dette alternativet er ikkje rekningssvarande, ifølge vegvesenet. Det vil kosta 3-7 millionar kroner å setja opp ein ny bomstasjon, pluss at det vil kosta rundt tre millionar kroner i året å drifta han.

"Det er ikkje mange år med innkrevjing før kostnadane i systemet vil vere høgare enn bompengebidraget. Til samanlikning vil innkrevjingskostnadane i eksisterande bomstasjon på Hanasand vera i underkant av 3 mill. kr, og ein treng ikkje investere i ny bomstasjon", heiter det i vurderinga frå vegvesenet.

Det er rekna med at gang- og sykkelvegen vil kosta 30 millionar kroner, og at bommen i Finnfast dermed må stå åtte månader ekstra. Finnfast kan vera ferdig nedbetalt ved årsskiftet 2023/2024, men bommen må stå til september 2024 viss gang- og sykkelvegen skal betalast av Finnfast-pengar. Fylket sitt bidrag er foreslått til fem millionar kroner.

Det er også klart at saka må til Stortinget før spada kan setjast i jorda. Politikarane i Finnøy kan behandla saka før kommunen går inn i Nye Stavanger, dvs før jul, men om Stortinget rekk å behandla saka før sommarferien er likevel usikkert.

I forslaget frå Statens Vegvesen blir det antyda oppstart av prosjektet i 2021.