Trollet i Hauskjevatnet

Ved Hauskjevatnet hadde gardane i grannelaget hatt vasskvernane sine for maling av korn. Å mala kornet var ein langsamelig og kjedeleg prosess og ein kunne få tida til å gå ved å ha gode forfriskningar  godt og sterkt øl. Dessutan var kverna staden der ein fortalte kvarandre alle slags segner og fælte ikkje så lite.

Frå Hauskjevatnet på Finnøy.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Ved Hauskjevatnet hadde gardane i grannelaget hatt vasskvernane sine for maling av korn. Å mala kornet var ein langsamelig og kjedeleg prosess og ein kunne få tida til å gå ved å ha gode forfriskningar  godt og sterkt øl. Dessutan var kverna staden der ein fortalte kvarandre alle slags segner og fælte ikkje så lite.,

Særleg var dei engstelege for Kvednaknauren, eit stort og stygt troll som heldt hus i Hauskjevatnet. Det var så mannavondt at folk på Hauskje mest ikkje våga seg til vatnet. Og når dei låg i kverna for å mala kornet, søkte utysket kverna med ein kjeft så stor og vid at ein mann kunne stå oppreist i gapet. Til sist var det ingen som våga seg til kvernabekken.

Slik herja trollet med bygdefolket heilt til det ein dag kom ein vill austmann til gards. Han fekk høyra om styggedommen og ville straks gje seg i kast med det. Det hjelpte ikkje at folk åtvara han at han kom til å bli oppeten etter enden, det øyra høyrde han ikkje på! Han maste så lenge at det til sist var ein som våga å gje han ein sekk korn, og så let dei han gå.

Austmannen tok med seg ei gryte tjøra. Då han kom fram, sette han denne gryta på kok. Sidan slo han kornet på via, sleppte vatnet på kallen og ga seg til å mala. Ei stund gjekk alt godt, men snart høyrde han styr og ståk oppe ved vatnet. Sidan merka han at trollet kom trampande så marka rista.

Mannen fyrte då dugeleg under gryta, og best som det var, mørkna det i kvernhuset. Han såg då at trollet sto utanfor med ein svær, raud kjeft og tenner så store som slegger. Kjeften gapte heilt frå marka og så høgt som kvernhusdøra var. Sidan høyrde mannen eit mål så hardt at heile huset skalv: «Har du set større glupa, du»?  «Har du kjent heitare supa du?» svara mannen, og med det same slo han heile tjøregryta beint i gapet på Kvednaknauren. Då sette han i eit skræmeleg yl og sette rett ut i Nykkjarvatnet som etter som det seiest skal vera botnlaust. Slik blei dei kvitt trollet i Hauskjevatnet.

Publisert: