--Me såg både blålange, bromse, skate og ein og annan sei. Men ikkje ein torsk, seier Pål Mortensen, seniorforskar ved Havforskingsintituttet i Bergen til Øyposten.,

Mortensen er toktledar ombord i "Hydrograf" som saman med tre andre fartøy frå Sjøkartverket er i gang med å kartleggja sjøbotn i heile kystsona i Stavanger kommune. Inkludert i dette er også sjøbotn rundt øyane.

Etter å ha sjekka 24 lokalitetar i kommunen med miniubåt frå 100 -600 meter,  var det altså ikkje ein einaste torsk som symde forbi.

-Me såg det same her som me har sett på Sørlandet, at det er lite torsk å sjå, seier Pål Mortensen.

Basert på undersøkingane så langt meiner han sjøområda i kommunen i hovedsak ser friske ut, men noko forureina nær dei mest befolka områda.

-Kystsona her har ein rik og variert natur, og me kom over fleire naturtypar som er på EU si rødliste over truga naturtypar. Me fann både spor etter korallrev, me fann korallskogar, svamphagar og sjøfjærbunn. Alt saman sårbare biotopar, opplyser Mortensen.

Kartlegginga av sjøbotn vil pågå i eit par veker saman, og det vil bli brukt både drone, undervannsfartøy og ekkolodd for å kartleggja sjøbotn. Kartlegginga av sjølbotnen i Stavanger er ein del av eit pilotprosjekt, kor tre kommunar skal kartleggjast. Dei andre to andre er på Møre og i Nord-Norge. Arbeidet skal gi grunnlag for eit nasjonalt kartleggingsprogram, som er rekna å kosta to milliardar kroner.

Det arbeidet som nå pågår i Stavanger er eit spleiselag mellom staten, fylkeskommunen og Stavanger kommune.

Solveig Ege Tengesdal (krf) representerte Rogaland fylkeskommune då prosjektet blei presentert på Judaberg måndag.

-Det er behov for å vita meir om havbotnen. Me har store ambisjonar om å satsa på "den blå åkeren" i Rogaland, og dette kan bli eit viktig verktøy for å styrka havbruksnæringa i Rogaland og sikra vidare vekst. Det vil kunna visa oss kor næringa best kan veksa, og kor det vil vera konfliktar, seier Ege Tengesdal.