-Vanlegvis er det Mosterøy musikkorps som klokka 07.00 på nasjonaldagsmorgonen rullar rundt i ein lastebil for å vekkja mosterøybuen, seier Helge Haugvaldstad i 17. maikomitèen. Travelt opptatt saman med komitèkollega, Lise Collen med å dirigera trafikken ved vegkrysset på Askje i forkant. I år , derimot, stilte korpset opp på parkeringsplassen på Vaula/Kadlaneset , og drog like godt i gong "Ja, vi elsker" som sjølve startskotet for den første bilkortesjen rundt øya nokon sinne.,-Det blir nok det einaste offisielle arrangementet her på Mosterøy i år,seier Maj Britt Feria.Saman med Anna Reianes har ho teke på seg bunadsstasen og stilt seg opp i vegkanten i bakkane ovanfor Vaula/ Kadlaneset.,

Hus og vegkanter var pynta med norske flagg, både ved innkjørsler til dei flotte gardstuna på Reianes og langs vegen elles. Og ved innkjørssla til heimplassen sin, hadde like godt søskenparet Oleander  (9) og Isabell Haugvaldstad (6) funne fram trøtraktoren sin, pynta den med norske flagg og plassert den midt i avkjørsla frå hovudvegen, då dei store og veterantraktorane og meir moderne traktorane rulla forbi saman  med bilkortesjen elles. Lenger nede i Askjevegen hadde også ei større gruppe vaksne musikantar stilt seg opp med messinginstrumenta sine. Dette for verkeleleg å blåsa liv i bilkortesjen, då den rulla sakte rundt på Askje under denne heilt spesielle 17. maidagen. Det året då koronapandemien snudde opp ned også på feiringa av nasjonaldagen vår.

-Blir dette ein finnøytradisjon som også mosterøybuen vil adoptera for ettertida?

-Vel, det for dei neste 17. maikomitèane bestemme, men det var ei flott og artig oppleving, seier Haugvaldstad. Saman med kollega Collen skal han no plukke ut det flottaste og beste innslaget i bilkortesjen.- Me har nok hatt ein litt enklare oppgåve enn det som er vanleg for ein 17 maikomitè på Mosterøy, smiler Lise, som også let bunadsstasen bli hengande att i klesskapet heime på 17.mai i år.