Martin Frøyland Amdal var på Judaberg for å handla inn fyrverkeri til nyttårsfest torsdag ettermiddag.|Coop-sjefen på Finnøy Svein Inge Goa trur det ender med like bra sal som i fjor.

FINNØY:

Martin Frøyland Amdal (20) og Johannes Alstveit (19) var innom fyrverkeriboda på Judaberg torsdag ettermiddag, for å handla inn til koronavennleg nyttårsfest med venner.,

– Me blir vel 15 personar, eller noko rundt der, fortel Alstveit.

Klar for nyttårsafta

– Kor mykje handlar de inn nå?

– Nja, det er vel fem-seks ting her, seier Frøyland Amdal om sitt kjøp.

Kompisen ser ut til å gå for det samme, alt skal brukes på samme fest. Det skal feires godt i morgon kveld.

– Det blir litt av ei feiring?

– Jaja, smiler kompisane.

Coop-sjefen på Finnøy Svein Inge Goa trur det ender med like bra sal som i fjor. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Dyrevennleg fyrverkeri

– Me selger like mykje som i fjor, eg trur nok me blir utselde innan fredag ettermiddag, seier Coop-sjefen på Finnøy, Svein Inge Goa.

– Kva går det mest av?

– Det er jo dei største batteria det går mest av. Men, så er det slik at mange av dei me skulle fått ligg i ein kontainer "ute på havet".  Me får dei gjennom importør frå Kina, og det er jo leveringsproblemer no for tida.

Heldigvis har dei fått litt nokre andre varer dei også kan selge.

Dei sel også noko som er meir "dyrevennleg", for dei som er bekymra for sine firbeinte.

– Mange av dei som kjøpte desse i fjor, kjem gjerne tilbake i år. Med desse får ein mykje lys, men lite lyd, forklarer Goa.