Annbjørg Austbø

FINNØY:

- Nå ser me etter folk som kan tenka seg å vera med å driva husflidslaget vidare, seier kontaktperson i interimstyret, Annbjørg Austbø. Me treng blant anna kreative sjeler som vil vera med å driva ung husflid.,

Trearbeid og veving er framleis i gang, og det er også ung husflid.

Sidan oppstarten i 1987 har det vore jamn aktivitet i laget, men dei siste åra har det vore vanskelegare å få med folk.

- Eg tykkjer det er viktig å ha eit oppegåande husflidslag. Å ta vare på grunnleggande handverkstradisjonar er viktig for å unngå at dei går tapt for framtidige generasjonar. Det er mange gamle, tradisjonsrike fagfelt som ein ikkje kan læra andre stader enn ved at dei blir overført frå generasjon til generasjon. Dette er kulturarven vår og den må me passa godt på, fortel Austbø.

Leier i Rogaland Husflidslag, Kristin Borge Rasmussen seier til Øyposten at det er positivt med nye krefter som ønskjer allsidig aktivitet i laget.

- Samtidig håper me at unge vaksne ser verdien i å delta i formidlinga av vår immaterielle kulturarv og bli ein aktiv del av Finnøy Husflidslag.

Nytt håp

,-

Kvifor er det vanskeleg å folk med?

- Alle har det travelt i dag. Ung Husflid blei etablert i håp om at nye krefter kan overta på sikt. Ungdommen er ein viktig ressurs for oss fordi dei er opptekne av miljø, dei er bevisste forbrukarar og dei kan mykje om berekraft. Mange driv og med gjenbruk, omsøm, reperasjon og redesign.

Finnøy Husflidslag skal arrangera årsmøte over nyttår, og håpar å få på plass eit nytt styre og mange kjekke aktivitetar.

Laget har nettopp arrangert den årlege basaren, og fekk inn rundt 30 000 kroner, noko som dekker vel halvparten av den årlege husleiga i Fleirbrukshallen på 50 000 kroner.

- Me takkar for kjærkommen støtte, avsluttar Annbjørg Austbø.

Den aller gjevaste premien, trebenken, gjekk til Marie Langeland. Ledaalteppe vann Anna Lauvsnes medan trefatet gjekk til Marie Linn Bleie Landa.