Laksetrailarar rullar i ein jamn straum frå Grieg sitt slakteri på Helgøy. Godstrafikken skal også få glede av kuttet.

STØRE-VEDUM:

Det er i eit intervju med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum, at VG har fått ut nyheten om denne godbiten i den nye regjeringsplattforma.,

Også påtroppande statsminister Jonas Gahr Støre støttar tiltaket, som han ifølge avisa meiner vil bidra til utjamning.

Solberg-regjeringa kutta ferjeprisane med 25 prosent i revidert statsbudsjett i vår. Nå blir det altså ytterlegare kutt, og kuttet vil også omfatta godstrafikken, seier Slagsvold Vedum i intervjuet med VG.

Kuttet vil bli innført gradvis i løpet av denne stortingsperioden.