Finalistane frå EOY SørVest. Frå venstre: Helen Totland Christensen (EY), Jakob Vignes Årsvold, Jonas Helmikstøl og Lars Helge Helvig.

NÆRING:

Torsdag var det regionskåring for Rogaland til det internasjonale vekstskaparprogrammet "EY Entrepreneur Of The Year". Blant sju nominerte gjekk tre vidare til den nasjonale finalen. Desse skal nå kjempe om å bli årets vekstskapar, skriv Ernst & Young i ei pressemelding.,

– Me gratulerer Jonas Helmikstøl, co-founder av lade- og strømstyringsteknologiselskapet Easee, Lars Helge Helvig, dagleg leiar i investeringsselskapet Valinor AS, og Jakob Vignes Årvold frå Bergknapp AS og Årsvoll Gård AS. I år var det fleire gode kandidatar, men Helmikstøl, Helvig og Årsvold skilte seg særleg ut i juryens auger. Nå gler me oss til å se dei i finalen i januar, seier partner i EY, leiar for Stavangerkontoret og regionsleiar for kåringa, Helen Totland Christensen.

«Oppfinnarfylket» Rogaland

I finalen konkurrerer vekstskaparar frå Norge i fleire kategorier.

– Det er ein veldig spennande utvikling i næringslivet i Rogaland om dagen – «oppfinnarfylket» som ligg øverst på landstoppen med over 4.000 patentsøknadar dei siste 20 åra. Dette seier noko om innovasjonskraften i fylket, og vektskaparanes evne til å skape økonomisk vekst, stabilitet og ei berekraftig utvikling. Gjennom "Entrepreneur Of The Year" ønsker me å gje ein hyllest til desse vekstskaparane som bringer fram innovasjoner som kjem samfunnet til gode, seier Totland Christensen i pressemeldinga.

Verdas største

Dei andre nominerte i regionskåringa for Rogaland var Torben Dam Krarup i Kanelsnurren AS, Boye Ousdal Christiansen i Scandinavian Fittings and Flanges AS, Steffen Thorsen i Time and Date AS, og Evald Holstad i E Plug AS.

"EY Entrepreneur Of The Year" er verdas største vekstskaparprogram og har kåringar i over 60 land, ifølge pressemeldinga. Hensikta er å fremheva personar som bidrar med nye idear, satsar og yter eigeninnsats for å skapa varige verdiar og arbeidsplassar. Finalen blir halde i Oslo den 27. januar.