Liten plass til annan aktivitet i hallen under vaksineringa
Kommunen treng storparten av Fleirbrukshallen til massevaksineringa, når den kjem i gang. Styret i fleirbrukshallen er positiv til at hallen skal brukast til kampen mot Covid 19.
FINNØY:
Både Fleirbrukshallen og Mastrahallen er reservert av kommunen som ein forberedelse til at massevaksineringa i øyane kjem i gang.,
Styreleiar i Fleirbrukshallen, Arild Flesjå, seier at styret er positivt til at hallen skal brukast til dette formålet.
-Reint praktisk vil det bety at det ikkje kjem til å skje så mykje anna i hallen mens dette pågår. Eg trur at folk ser nødvendigheten av dette, og at det er vegen å gå for å bekjempa viruset, seier Flesjå til Øyposten.
https://www.oyposten.no/2021/01/22/mastrahallen-og-fleirbrukshallen-blir-brukt-til-massevaksinering/
-Frå når og kor lenge vil hallen bli brukt til vaksinering?
-Det veit me foreløpig ikkje, seier Flesjå.
Sentralskulen begynte forsiktig å bruka hallen forsiktig til gym denne veka, men når vaksineringa kjem i gang vil det truleg ikkje vera plass til så mykje annan aktivitet der. Det kan likevel vera at styrkerommet blir åpnet viss myndighetene gir grønt lys til det. For tida er det stengt.
-Kva betyr dette for hallen økonomisk?
-Kommunen leiger alt hallen for sentralskulen, men det vil bety ei ekstrautgift i forhold til nå å varma han opp. Men det er me blitt lova skal bli kompensert, og er i dialog med kommunen om dette, seier Arild Flesjå.