Ferja "Rygerfjell" kan nå gå innom Brimse som før. Her har ferja anløp av Byre.

FISTERØYANE: "Rygerfjell" skal i all hovudsak betjena alle småøyane på strekninga Foldøy-Nedstrand-Tau -Østhusvik, og vil mellom anna få to daglege anløp frå Fisterøyane Sør-Bokn ,Byre og Helgøy og over til fastlandet på Judaberg eller Tau. Også øya Brimse, i tidlegare Rennesøy kommune, vil nå få dagleg anløp både over til Østhusvik og til Tau. Og no kan både finnøybuen og rennesøybuen igjen, om dei ynskjer å ta sjøvegen i staden for gjennom undersjøiske tunnelar, ta bilen med seg på ferja mellom Judaberg ogTau eller over til gamle Østhusvik kai på Rennesøy. Ein må heilt tilbake til 1960-talet,då ein sist hadde daglege båtavgangar mellom Finnøy og Østhusvik og som kunne ta bilar ombord. Det var i den tida då dei gamle fjordabåtane til DSD hadde daglege anløp mellom Steinnesvåg på Finnøy og Østhusvik på si lange ferd inn til Stavanger.,Som kjent så vil også det nye Finnøysambandet, som nå har endepunkt på Helgøy i nord og på Fogn i sør, gi ein auke i tal avgangar mellom øyane i gamle Finnøy kommune. Her skal det også i løpet av juni månad setjast inn to heilt nye 60-bilars ferjer . Som Øyposten tidlegare også har gjort kjent , skal det nye Ryfylkesambandet få ny ferje, når den heilelektriske ferja "Ryfylke" avløyser 40-åringen "Rygerfjell" neste sommar. Det er selskapet Norled som har fått i oppdrag å drifta det nye Ryfylkesambandet.,-

Ein milepæl

Hytteeigar Frode S. Lindboe er ein av mange som gler seg over at han og familien nå kan ta bilen med seg over til hytta si på Byre, sjølv om han også ser ein del praktiske utfordringar med dette.

-Vegane på desse småøyane er på ingen måte dimensjonerte for biltrafikk, og i tillegg er  parkeringsforholda og ei stor utfordring for både hyttefolk og andre tilreisande. Grunnen til dette er ein noko uavklara situasjon for folk flest, mellom det som er skal vera offentlege og private vegrettar. Her bør nok det offentlege, i regi av Nye Stavanger kommune ,snarast gå i gong med både ei utbetring av vegnettet og ei tilrettelegging av parkeringsplasser, meiner Lindboe.-Men for dei fastbuande må jo dette vera ein ny milepæl, som me alle håpar skal gi positive synergar for alle desse småøyane, understrekar han.