-Det er mykje å leva opp til, men me er veldig innstilt på å prøva, seier John Hagetrø Gard med dottera Helene.|-Dette er ingen vanleg jobb, seier Jostein Gard til sonen John. Og det er John Hagetrø gard inneforstått med. Nå er han i pappapermisjon med dottera Helene på fem månader.

TALGJE:

Blomster og planter er for lengst på plass i gartneriet, som alt har starta sesongen. Nå når påsken står for døra bugnar det i alle mulige fargenyansar. Senioren i gartneriet, Jostein Gard, anslår at det av 50-60 hovedgrupper av ulike planter, er rundt 1000 ulike sortar og fargar.,

Gard Gartneri hadde i fjor sin beste sesong nokon gong, med 8000-10.000 besøkjande.

-Det gjekk veldig bra. Og det til trass for at korona'en førte til stans i alt som heitte gruppeturar med buss, som me har hatt mange av, tilføyer Jostein Gard.

Han mista kona i fjor haust etter lengre tids sjukeleie. Difor er det ekstra kjekt, synes han, at neste genererasjon nå har sagt ja til å prøva seg i gartneriet eit år.

-Det er langt frå alle som er så heldige at nokon vil overta. Men det er ingen vanleg jobb, dette. Det er ein livsstil, seier han, før han legg til at gartneryrket er noko han trivst godt med.

-Når me i tillegg driv med utsal, møter me også masse kjekke kunder, seier Jostein Gard.

Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Sonen John Hagetrø Gard er nest yngst i ein søskenflokk på fire, og er for tida heime i pappapermisjon. For fem månadar sidan kom dottera Helene Lohne Gard til verda.

Han jobbar i Stavanger Natur- og idrettservice med ansvar for Rennesøy kommunedel, mens kona Ellen Merethe Lohne Gard jobbar på Faatunet på Finnøy. Begge er utdanna frå naturbruklinja på Kristen videregående skole Sør i Lyngdal. Nå har dei totalrenovert huset til besteforeldrene og slått seg ned på Talgje.

Foreløpig vil drifta av gartneriet stort sett gå i kjente spor, men dei vurderer å auka litt med grøne inneplanter. Dessutan har dei rigga til ein "kosekrok" i gartneri med nokre bord og stolar, kor det går an å kjøpa kaffi og is.

Spesielt har øyas yngre mødre med barn vore flittige brukarar og oppdaga kor fint det kan vera innandørs i eit gartneri om våren.

John Hagetrø Gard innrømmer likevel at han kjenner litt på ansvaret det er med å overta eit gartneri som har opparbeidd seg eit rénomme langt ut over Talgje. Foreløpig skal både han og kona fortsetja i jobbane sine, mens faren skal vera med som aktiv "konsulent".

-Det er mykje å leva opp til, men me er veldig innstilt på å prøva. Så vil det visa seg om me trivst me arbeidet, og om det er til å leva av, seier den unge talgjebuen nøktern.