Frå møte om kultursoga på Fogn i 2019. Malvin (fv) og Ottar Sandanger, Svein Nordbø, Signy Eike-Kongsvik, Reidun Østhus, Birger Lindanger, Bothild Vågane og Peder Selvåg. Foto Thor Egil Espeland

STAVANGER:

Ingen fant behov for å gripa ordet då saka var oppe i utval for kultur, idrett og samfunnskontakt i går. Eit samrøystes utval støtta dermed kommunedirektøren si innstilling om, å avslå søknaden om 125.000 kroner i støtte til kultursoga. Kommunedirektøren foreslår i staden at historielaget gir ut første bind, og ikkje ventar til alle tre er ferdige. Inntektene frå den første boka, kan brukast til å finansiera arbeidet med dei to neste binda.,

Leiar i Finnøy Historielag, Kåre Vargervik er skuffa over avslaget.

-Me synes det er leit at kommunen ikkje vil støtta dette arbeidet vidare, seier Vargervik til Øyposten.

-Kva om de gjer som kommunedirektøren foreslår, og gir ut første bind for å finansiera arbeidet vidare?

-Det har me diskutert, men det er noko som ikkje let seg gjennomføra av skattemessige hensyn, seier Vargervik.

Ifølge leiaren i histrielaget har det vore kontakt med lokale politikarar for å få dei til å leggja inn eit godt ord for søknaden før møtet i utvalet.

-Men i lys av innstillinga var me likevel førebudd på at dette kunne bli utfallet. Me må nå setja oss ned og diskutera korleis me skal gripa dtete an vidare, for me vil gjera alt me kan for å få klultursoga utgitt. Men det blir tyngre nå når me ikkje lenger har kommunen i ryggen, seier Kåre Vargervik.

Planen har vore å gi ut kultursoga for Finnøy i tre bind, og det første skulle kome til jul i år. Den skulle omhandla histora til øyane Finnøy, Talgje, Fogn, Halsnøy og fisterøyane. Men arbeidet er blitt forsinka. Finnøy kommune ga i perioden 2017-2019 kr 1.2 millionar kroner til arbeidet, og

Stavanger kommune fylgde i fjor opp sponsa kultursoga med ytterlegare 300.000 kroner. Arbeidet med å skriva kultursoga blir gjort av historikaren Birger Lindanger.