Strand-rektor Erik Danielsen kan gleda seg over svært gode søkjartal i år.

FINNØY

: Ryfast har alt sett sine spor i søkarbunka til Strand vidaregåande på Tau. 60 ungdommar frå Hundvåg har i år søkt om opptak på skulen.,

-Det er nytt av året. Me har også fått direktebussar frå Stavanger og Hundvåg til skulen, noko me er veldig glade for. Gode kommunikasjonar er veldig viktig, opplyser rektor Erik Danielsen ved Strand vidaregåande skule til Øyposten.

-Korleis er søkninga frå Finnøy?

-Den har vore stabil gjennom fleire år, rundt 40-50 søkjarar. Eg har ikkje nøyaktige tal framfor meg, men det er ein del søkjarar frå Finnøy og dei andre øyane også i år. Difor er det uhyre viktig å oppretthalda skuleruta frå øyane, seier Danielsen.

632 elever har fått tilbud om plass i år, og alle tilbuda på vg 1 er fyllt opp, med tildels lange ventelister. Studieretninga for naturbruk, som rettar seg mot fiske og fangst og akvakultur er blant dei mest populære.

-I år tek me inn 48 elevar på naturbruk. Så mange har me aldri hatt her, men fortsatt er det 20 på venteliste, opplyser Strand-rektoren.

Det er også ventelister på idrett og tip, og på vg2 er det lange ventelister på automasjon, som er eit nytt tilbud på skulen.

På Tveit vidaregåande på Nedstrand er det forsatt ledige plassar, opplyser rektor Kristoffer Salvesen.

-Me har hatt veldig bra søkning i år, og tilbuda på vg1 begynner å bli fulle. Men det er fortsatt nokre få ledige plassar her, mens det er betre plass på vg2 og vg3. Det er bare å ta kontakt, seier Salvesen.