Snødekte planter utanfor Gard Gartneri. - Stauder toler dette vêret fint, seier Jostein Gard.|Slik såg det ut utanfor Gard Gartneri på Talgje tysdag morgon.|

FINNØY-TALGJE:

-Finst det eit godt råd til ivrige hagentusiastar som ventar på våren, spør Øyposten gartnar Jostein Gard på Talgje.,

Den erfarne blomsterdyrkaren tenkjer seg ikkje lenge om, før han svarar:

-Vent!

Det er rådet: vent ennå litt før du plantar ut blømande vekster som ikkje toler frost og kulde.

-Folk bør ikkje begynna å planta ut før i slutten av april, og hovedutplantinga bør ikkje skje før 10. mai, er rådet frå Gard.

Slik såg det ut utanfor Gard Gartneri på Talgje tysdag morgon. Foto: FOTO: Privat

Utanfor gartneriet hans på Talgje er det mange sortar planter, dekka av snø.

-Det går fint, stauder toler dette, seier Jostein Gard.

Snø i april er elles ikkje uvanleg. 3. april i fjor var det akkurat like eins, viser notatene i Gard Gartneri.