Idrettrådet har nemleg i samarbeid med deire eigen Idrettspatrulje og 17 idrettslag, lagt opp til eit rekke spennande aktivitetar som dei vil rullere rundt i den nye storkommunen med som eit eige prosjekt i regi av Barnas Sommer konseptet.,

- I denne aktivitetsveka, som startar opp på Mosterøy førstkomande mandag, vil dei påmeldte i løpet av tre dagar få prøva meir enn 10 ulike idrettar og spennamde aktivitetar med dyktige instruktørar, opplyser dagleg leiar i Idrettsrådet Arne Thorsen Eide til Øyposten..

,Fritidstilbdet som har fått tittelen "1000 TAKK", har fått tildelt kr 500 000,- av dei 6,5 millionar som Stavanger kommune har løyvd. Etter tre dagar på Mosterøy vil Idrettspatruljen i vekene etterpå gi tilbod både på Hundvåg, Tasta og i Hetlandshallen på Mariero.Mellom dette går også turen til Fleirbrukshallen på Finnøy og området utanfor sentralskulen .Dette skjer i tidsrommet 20-22. juli.,-Påmeldinga til desse arrangementa er enno ikkje utgått, men etter responsen frå Rennesøy å døma, så er det berre for interesserte å hiva seg rundt for å melda seg på snarast, avsluttar ein engasjert dagleg leiar i Stavanger Idrettsråd . Han lovar at dette skal bli ein "alla tiders sommar" for barn og tenåringar i Nye Stavanger kommne, i alle fall om dei heng seg på Idrettspatruljen når den kjem på besøk.