Ola Aaasland Vold gjer seg klar til si første julegudsteneste som prest i Finnøy. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

Ola Aasland Vold skal halda sine første julegudstenester som prest i Finnøy i kyrkjene på Talgje og Fogn.,

Begge stader er det strenge smittereglar som gjeld. Det er ikkje lov å ha meir enn 50 i kyrkja, det er påmelding på førehand og det er heller ikkje anledning for kyrkjelyden å syngja med når organisten slår an tonen på kjente og kjære julesongar.

-Det blir heilt klart spesielt, og ganske langt frå slik me helst ville hatt det. Det ville vore mykje kjekkare med ei fullsett kyrkje på julaftan, der alle kunne synga i lag. Slik restriksjonane er kan det jo høyrast ut som at det vert litt stusseleg, men me har heldigvis dyktige frivillige som vil bidra med musikk- og songinnslag, i tillegg til at me har arbeida for å få til både streaming og video-opptak av gudstenester på nett. Og så arrangerer me feire gudstenester enn vanleg, slik at fleire kan delta. Me prøver å gjera det beste ut av det, og eg trur det ligg til rette for ei god og høgstemt julefeiring, seier Aasland Vold til Øyposten.

Tru og framtidshåp

Han har ikkje skrive ferdig preika då Øyfosten når han på telefon på Fiskå, kor han bur, men utgangspunktet for preika blir sjølvsagt juleevangeliet.

-Det er eit bodskap om framtidstru og håp, som eg gjerne vil formidla. Julebodskapet står seg uavhengig av kva livet elles byr på. Så får me berre håpa at me kan møtast igjen under meir normale tilhøve, seier han.

Aasland Vold meiner også at koronaen, midt oppi det heile, har gitt oss ei viktig påminning.

Verdifullt felleskap

-Når livet går på skinner er det mange ting me lett kan ta for gitt. Pandemien kan minna oss om kor sårbart livet er og at det er mange ting me ikkje sjølv rår over. Kanskje det også kan læra oss å setja pris på nettop det å kunna samlast og vera i saman. At me på nytt oppdagar kor verdifullt det er, seier han.

Ola Aasland Vold begynte som prest i Finnøy i haust. Denne jula skal han ha fire gudstenester julaftan, to på Fogn og to på Talgje før han kan ta ta kvelden og feira jula saman med kona Marita og dei tre borna på Fiskå i Strand.