Full stopp i 463 dagar: Endeleg klart for kamp igjen
Etter å ha vore nedstengt i 463 dagar, er lokalfotballen nå i gang igjen. Mandag kveld samlast A-laget på Finnøy til trening, og alt tirsdag møter dei naboklubben Mastra til vennskapskamp. Klubben føler seg som kuslepp på vårbeite, og lovar sambafotball på Leikvoll.
- Jone Bergøy Nedrebø
FINNØY:
-Endeleg ser me lyset i tunnelen, seier leiar i Finnøy IL, Bendik Heggelund til Øyposten.,
Koronapandemien har vore lang og hard for mange, men kanskje spesielt for idrettsklubbar som har sett seg nødt til å stenge ned på grunn av lokale og nasjonale smitteverntiltak. Søndag letta regjeringa på tiltaka, noko som blant anna gjer det mulig for breddeidretten å starta med kampar og treningar igjen, utan å forhalda seg til 1-meter regelen.
Mandag kveld skal Finnøy A-lag ha si første fotballtrening, og alt dagen etter møter dei naboklubben Mastra til ein vennskapskamp.
"Dette blir en vennskapskap for å feire gjenåpningen, og lagene vil nyte samfulle 90 minutter med sambafotball, og noen rustne knær", skriv Finnøy Idrettslag på Facebook.
Fotballklubben samanliknar den første forballkampen etter gjenåpninga med vårsleppet for kyr på beite, og dei granterer at gamle heltar skal få eit velfortent comback.
Kampen begynner klokka 19.00 og blir spelt på Leikvoll.
Mosterøy:
-Dette er ein gledens dag, seier leiar i Mastra IL, Eirik Hodnefjell.,
På Mosterøy er det også stor iver for å koma i gang etter lettelsen i koronatiltaka. Leiar i Mastra, Eirik Hodnefjell, seier til Øyposten at han er veldig glad for at klubben og spelarane får muligheten til å trena og spela kampar igjen.
Etter ein lang periode med uforutsigbare tiltak og restriksjonar er Hodnefjell bekymra for korleis pandemien har påvirka klubben, men etter søndagens lettelsar kan han senka skuldrane litt.
-Klubben har trent i periodar under pandemien, alt etter kva tiltak som er aktuelle, så nå skal det bli godt å få eit fast treningsmønster slik at me får vedna tilbake til det meir normale igjen, seier Mastra-leiaren.