Sjølv om talet på sjukefråværet blant lærarane i ungdomsskulane på Finnøy og Rennesøy framleis er høgt, går det likevel rette vegen. Bilete er frå Finnøy sentralskule. Foto: Arkiv

Forslaget til skulebruksplan for Stavanger luftar tanken om elevane frå 5. – 7. klasse på Fogn, Ombo og Sjernarøy i framtida bør gå på sentralskulen på Finnøy. Forslaget er å kasta ein brannfakkel inn i diskusjonen om framtida for øyane i Finnøy kommunedel, utanom Finnøy og Talgje.,

Nokre vil kanskje mistenka Stavanger kommune for å ha økonomiske motiv bak forslaget. Og sjølv sagt ligg økonomi i botnen også for skulebruksplanen. For i innstillinga frå kommunedirektøren går det fram at ein fjerdel av kommunen sitt investeringsbrudsjett går til skulebygg, og mange skular har behov for oppsjaining.

Dessutan fortonar dei økonomiske framtidsutsiktene seg nå slik for kommunen, at det er nødvendig å prioritera «godt». «God ressursutnyttelse og best mulig skolebygg til flest mulig elever. Det vil være fornuftig å utnytte allerede eksisterende skolekapasitet godt», heiter det.

Me vil likevel åtvara mot å la økonomi vega tungt i denne saka, og rekna strengt på i kor stor grad skulebygga blir fyllt opp av ungar.  Me har også den tillit til politikarane som skal bestemma den framtidige skulestrukturen, at dei innser at Stavanger også er blitt ein distriktskommune, og at distriktspolitikk kostar.

Kommunedirektøren gjer seg også nokre interessante tankar om utviklinga i folketalet i kommunen. I 2032 blir det rekna med at det er 1400 færre barn i grunnskulealder i Stavanger. Det skuldast både færre barnefødslar, men også at det blir lågare innvandring.

Frå 2032 er det venta at barnetallet aukar igjen, men det vil ikkje nå dagens nivå før i 2040.

Resultatet, i følgje kommunedirektøren, blir minka press på boligmarkedet, noko som i sin tur vil gi ei sentralisering og bidra til at veksten av barn og unge blir høgare i sentrale deler av kommunen enn i utkantane.

Dette er noko av bakteppet for at det i skulebruksplanen blir rekna med at barnetalet på dei omtalte øyane vil minka sterkt i åra framover. For å sikra at barna både har eit godt skuletilbod reint fagleg og eit større sosialt miljø, blir det argumentert for at ei flytting av mellomtrinnet til Finnøy kan vera ein tanke.

Dette er eit frykteleg vanskeleg valg for mange foreldre. Alle vil barna sitt beste av heile sitt hjarta, men samtidig er det tvil om forslaget i planen er rett veg å gå. Me skjønar godt dei som meiner dette er distriktsfinentleg politikk, men det avgjerande her må uansett vera hensynet til barna. Her finst det ikkje noko opplagt svar, og det er  viktig at kommunen lyttar til dei berørte foreldra. Kommunen skal også ha honnør for måten spørsmålet er bragt på banen på, som eit åpent spørsmål til drøfting.