Og dei driftige øybuane heilt ytterst i havgapet,hadde også lagt opp til ein skikkeleg fotballfest og ei flott ramme rundt kampen for å heidra øya sine fotballheltar.Gjestane frå Finnøy  blei helsa velkommen på den aller beste måten,og etter kampen vanka det også «opprykkskake» til øyanaboane litt lenger inne i Boknafjorden og Ryfylke.På ei blaut og tung grasmatte var det den ekte sportsånda som var i fokus,og alle spelarane på dei to laga fekk delta i fotballfesten som også denne dagen hadde samla langt over 100 av øya sine vel 700 innbyggjarar.Sjølv om Finnøy-laget bidrog til å vera ei lita festbremse etter ein imponerande 3-2 siger,så er det ein historisk sterk prestasjon fotballaget der langt ute i havgapet har stått for;I fjor rykka dei opp frå 7.divisjon,og i år skal dei spela om kretsmesterskapet i 6 divisjon og er altså klar for 5.div. til neste sesong.Der vil dei truleg møta både naboane Mastra frå Rennesøy og Finnøy til nye,spanande og prestisjefulle fotballkampar.-Mest som i gamle dagar,for over 50 år sidan i den dåverande øyaserien,men då på det lågaste nivået,minnest ein av Finnøy sine store fotballprofilar frå den gong,Sverre Jan Reilstad.-Eg hugsar ein kamp i 1969 då me tapte heile 9-0 for kvitsøybuen.Det var fæle greier..Men etter den tid har nok Finnøy i hovudsak vore betre,om ikkje då akkurat i år.Så det er all grunn til å ta hatten av å gratulera både Kvitsøy og Finnøy med ein historisk sterk fotballsesong for seniorfotballen,avsluttar »Sarren»

Far og to sønner på banen

Også i kampen mot Kvitsøy spela toppscorar og løpsmaskinen på midtbanen,Jarle Sigbjørn Risanger Eike,ei sentral rolle.Med seg i startoppstillinga denne gongen hadde han også broren ,Hans Runar.Og som om ikkje det var nok,entra like godt far og lagleiar, evigunge Jan Sigve Eike,banen i det 86.minutt.Dermed blei det også skrive fotballhistorie i Finnøy-laget på den måten,ved at far og to sønner spela på eitt og same A-lag.Og så er dei til og med alle tre frå den vesle fotballøya Halsnøy,som har vore veldig sterkt representert og sett sitt tydelege preg på årets suksessrike sesong for Finnøy sitt A-lag.