Av Rune Nedrebø,

HALSNØY:

Dette er endringar som mange i Ryfylke vil kjenna seg igjen i. Frå eit snautt og langt på veg skogfritt landskap basert på det jorda og fjorden kunne gi av utkomme, til dagens velstelte marker med hus og heim som lyser av velstand.,

Skogen før var ein ressurs, som blei brukt til fôr til dyra og til oppvarming. Det forklarer det nakne landskapet «før i tida». Og sjølv om barneflokkane var store, var husa monaleg mindre enn i dag.

Så kjem frukthagane og åkerbruket, og seinare drivhuset, som var eit av dei store satsingsområda på mange gardsbruk på 60- og 70-talet. Det blei planta gran, som eit ledd i ein stor nasjonal plan for skogreising.

Nå har drivhusbølga stilna, og på det nyaste biletet, teke nå i sommar, er det kome eit nytt trekk i biletet. Lakseoppdrett hadde basen sin ved det store, gule bygget ved sjøen til høgre på biletet. I oppdrettsnæringa sin barndom skulle dette bli den nye tilleggsnæringa for bygdene. Sidan har dei fleste mindre aktørane blitt kjøpt opp av store selskap som Grieg, Marine Harvest og Bremnes.

Korleis vil dei neste åra endra landskapet? Tida vil vise, men endringar blir det, det må me rekna med.

Bilettekst:

Nedre Eike på Halsnøy i sommar. (Foto: Terje Bjerga)

Nedre Eike i 1969, før drivhuset blei bygd. (Foto: Jostein Bjerga)

Nedre Eike litt seinare. Nå er drivhuset kome opp. (Foto: Terje Bjerga)