FINNØY:

Som kjent så valgte dei to bondeorganisasjonane å avstå frå å gå i forhandlingar på grunn av det dårlege tilbodet. Difor aksjonerer i dag bønder over heile landet for ei framtid for norsk landbruk.,Og det var det nettopp dei unge, som skal utgjera framtida i det lokale landbruket, som stod i frontlina under aksjonen i dag og informerte dei frammøtte om kva jordbrukets karv eigentleg gjekk ut på og kva konsekvensar dei frykta regjeringa sitt tilbod ville få.,- Eg har i dag 250 vinterfora sauer og har også planar om å ta over drifta av dei 25 melkekyrne etter far min, seier 21 år gamle Erik Østebø frå Talgje.,Han er tydeleg på at 250 sauer ikkje gir inntekstgrunnlag godt nok til å leva av og difor er i full jobb utanom.,-Eg er usikker på om ein melkeproduksjon, basert på 25 årskyr i tillegg, heller gir den nødvendige inntekta, legg Østebø til.,

Kostnadsauken et opp tillegget

-Men i regjeringa sitt tilbod ligg det jo inne ein betydeleg auke på over fire prosent per årsverk i gjennomsnitt. Det er over det som andre yrkesgrupper fram til nå har fått i dei sentrale lønnsoppgjerda?

-Problemet er berre at eit slik tillegg ikkje er meir enn det me har hatt i kostnadsauke. Difor er eigentleg ikkje dette noko tillegg i inntekta, repliserer Østebø kjapt.-Difor vil me heller ikkje med dette tilbodet nerma oss andre grupper i samfunnet. Det bekymrar meg og eg fryktar difor at det vil svekka både behovet for eit generasjonsskifte i næringa og ikkje minst svekka rekrutteringa til landbruket både på kort og lang sikt.

-Og det er bonde du ynskjer å vera også i framtida?

-Ja, så absolutt. Men då må me også kunne leva av det, slår den unge talgjebuen fast og får full støtte av kollegaene Daniel Vignes og Petter Nærland og Ingvild Lauvsnes på Finnøy, som alle nyleg har teke over gardsdrifta, eller skal ta over drifta etter foreldra sine om kort tid.

Sjølv om ikkje slagorda akkurat runga utover gamlekaien på Judaberg denne uvanlege vakre maidagen, hadde både dei unge og litt eldre bøndene som hadde møtt fram ein viktig og synleg markering som viser at landbruket enno har ein sterk og viktig posisjon på Finnøy.