Leiar i Finnøy Idresstlag, Bendik Heggelund (t.v.) og Erlend Halsne i Grieg Seafood gratulerer kvarandre med den nye sponsorkontrakten som blei underteikna fredag.|

Av Rune Nedrebø,

FINNØY: -Dette er ein avtale med stor betydning for oss, og er nok den største enkeltkontrakten på sponsorsida me har inngått i idrettslagets meir enn 75-årige historie, seier styreleiar i Finnøy Idrettslag, Bendik Heggelund til Øyposten.

Grieg Seafood har samarbeidd i lengre tid med idrettslaget på Finnøy, mellom anna om arrangement som Griegløpet, fotballskule og aktivitetsdag.

-Nå tek Grieg dette opp eit hakk, noko me er veldig takknemlige for. Kontrakten inneber også at me får stabile, og langsiktige rammevilkår å jobba under. Me har jobba saman med Grieg om innhaldet i avtalen, og begge partar er svært fornøyd med avtalen slik den er utforma for dei neste fem åra, legg FiL-sjefen til.

I tillegg til eit årleg pengebeløp, stiller Grieg Seafood opp med drakter til laget og diverse utstyr. Dessutan sponsar oppdrettselskapet diverse arrangement med premiar og effektar.

-Dette betyr at me fortsatt kan halda ein låg kontingent, samtidig som at fleire aktivitetar vil bli gratis. Dette er i tråd med både våre og Grieg sin filosofi om at idrettslaget skal vera eit lågterskel-tilbud, der alle skal få vera med, seier Bendik Heggelund.

Det er første gang Grieg Seafood underteiknar ein langsiktig sponsoravtale med idrettslaget, og Erlend Halsne i Grieg Seafood seier at idrettslaget er viktig også for Grieg.

-Me vil gjerne bidra i nærmiljøet der me er. Det er viktig for trivselen og bulysta til våre tilsette at barn og unge har eit tilbud på Finnøy, seier Halsne.

Kontrakten inneber også at Grieg får navnerettigheter til ulike arrangement.

Ifølge Bendik Heggelund har Finnøy Idrettslag hatt ein fin framgang i medlemstal, trass i pandemien, og har nå opp mot 550 medlemmer. Klubben skal ha årsmøte 22. mars. Aktiviteten i Finnøy Idrettslag omfattar både fotball, volleyball, innebandy, turn og aktivitetsgruppe for klatring og terreng. Idrettslaget vurderer stadig potensialet for nye tilbud, som til dømes friidrett eller håndball.