Elin Schanche saman med Helge Bjørnestad ombord i fiskebåten til Tor Bernhard Harestad, klar for lofotfiske.|Det har vore bra med flott fisk så langt, opplyser Tor Bernhard Harestad. Biletet viser litt av fangsten.|

LOFOTEN:

-Dette blir eit minne for livet, trur eg, seier Elin Schanche til Øyposten, på telefon frå Lofoten.,

Laurdag mønstrar ho på båten til Harestad for eit par dagar med lofotfiske. Tor Bernhard Harestad opplyser at fisket dei to dagane dei har vore utpå hittil, har vore bra.

Det har vore bra med flott fisk så langt, opplyser Tor Bernhard Harestad. Biletet viser litt av fangsten. Foto: FOTO: Privat

-Mykje betre enn i fjor, me har dratt opp fire tonn, opplyser Harestad, som også har selskap av pensjonert sorenskrivar Helge Bjørnestad ombord.

I motsetning til Bjørnestad, som skal vera med under heile fisket, nøyer Elin Schanche seg med ein kort gjesteopptreden på eit par dagar. Men Elin Schanche er ikkje verre på det, enn at ho har tilbydd seg å ta i eit tak på like fot med mannfolka ombord.

-Kva erfaring har du med fiske?

-Det er nok ikkje så mykje, det innskrenkar seg til å dra nokre garn utfor nesa heime, ler ho smørblidt.

Elin Schanche er kjent både som frua på klostergarden, til ho overlot drifta til sonen og svigerdottera, og som Høyre-politikar både i Rennesøy, i Stavanger og på fylket.

Nå gledar hos seg til å oppleva fiskeeventyret på lofothavet.

-Dei har meldt litt rusknare vêr laurdag, så då må eg nok sikra meg med sjøsjukeplaster, seier ho, og legg til at ho "bare måtte" opp og sjekka om det hennar sambygding, Tor Bernhard, har fortalt frå fiskeeventyret i Lofoten, var sant.

-Og det ser eg at det gjer, seier ho.

(Saken forsetter under filmen)

-Får du med deg ein fiskemiddag heim?

-Ja, det har eg ikkje tenkt så mykje på ennå, men det hadde vore flott å fått med seg litt skrei heim, seier Schanche, mens Tor Bernhard i bakgrunnen lovar at "det er ingen problem".

-Det er i alle fall flott fisk, seier ho, og beklagar at der ho har losji, på betelskipet Elieser, ikkje serverer anna enn kjøttmiddagar.

-Og mannskapet ombord i fiskebåten behandlar deg fint?

-Ja, eg trur dei er nokre skikkelege gentlemen, svarar Elin Schanche, som har planar om å mønstra av søndag kveld.