Øksnes på Halsnøy. Her er det kommunedelsutvalet vil ha turveg, ut til fyrlykta.

FINNØY:  Det blir også  bedt om lys på desse strekningane:,

Krysset nedenfor oppvekstsenteret på Ombo opp til Lølandsbakkene, og strekninga Judaberg-Lauvsnes.

Vegstrekninga frå Helgøy ferjekai frem til krysset på Nord Talgje ned mot Joker Helgøysund.  Halsnøy bedehus og ned til ferjekaien, Furre gård ned til brua frå Bjergøy over til Aubø og Nådådalen på Finnøy.

Det blir også bedt om at eksisterande belysning langs tur- og gangstien frå Fogn ferje- og hurtigbåtterminal og fram til Joker Fogn blir forbetra og får montert fleire lampar.

Dessutan blir det foreslått at vegen mellom Judaberg og Reilstad vert teken inn som tursti. «Ein kan då tenkje seg at ein kan bygge gang og sykkelsti med lys, samstundes som ein nytter gravearbeidet til å legge dei nødvendige kablane for Lnett», heiter det i vedtaket.