Bjørg, snart 90, har vore Finnøy rundt med denne

Kvar dag, viss vêret er så nokonlunde, er Bjørg Olsen ute på tur med den elektriske turscooteren sin. Ho elskar å koma seg ut, og har alt slite ut eit kjøretøy.

Bjørg Olsen er ofte å sjå på tur på Finnøy med den elektriske turscooteren sin. -Det er veldig kjekt å koma seg ut, seier ho.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Du har kanskje lagt merke til dei langs vegane på Finnøy. Små elektriske kjørety med ein eldre person bak rattet som er ute for å «lufta vitet».

Men det er langt mellom dei som er så flittige til å koma seg ut som den livsfriske Bjørg Olsen.

Ho er snart 90 år, men legg ut på tur med den elektriske kjøredoningen sin så sant vêret tillet det.

-Det gjer ikkje noko om det kjem ei regnbyge mens eg er ute, for eg har kler eg kan skifta til når eg kjem heim. Det er veldig kjekt å koma seg ut, seier Bjørg Olsen til Øyposten.

Herfrå til Oslo

-Kjem det trafikk, stoppar eg, seier Bjørg Olsen, som også har gjort det til ein vane å fylgja godt med i speglane. Ho har også utstyrt kjøretyet med gul vest.

-Eg har alt slite ut ein, dette er min andre, legg ho til, og opplyser at ho fekk sin første turscooter, som det heiter på fagspråket, i 2013.

-Veit du kor langt du har kjørt alt, spurte sonen min, like etter at eg hadde fått mitt første elektriske kjørety. Du har kjørt 50–60 mil, kunne han opplysa, smiler den sjarmerande dama frå Finnøy.

50–60 mil, det er omtrent avstanden til Oslo, men så har då Bjørg Olsen også vore Finnøy rundt med det vesle køyretyet.

-Du er ikkje redd i trafikken, når det for eksempel kjem store trailarar eller traktorar?

-Nei, eg er heldig og har aldri vore ute for uhell. Einaste var ei punktering ein gong, men då stansa det ein grei mann i bil og hjelpte meg, seier Olsen.

Ho understrekar likevel at ho køyrer forsiktig og fylgjer godt med i begge speglane.

-Viss det kjem trafikk stansar eg til bilane har passert, legg ho til.

-Er bilistane flinke å ta hensyn til deg?

-Ja, eg har ikkje noko å klaga på, bussjåførane vinkar til og med til meg. Og viss eg køyrer i Nådedalen, for eksempel, og bøndene held på og jobbar, passar eg på å ikkje hefta dei, seier ho.

-Ta med mobilen

Bak på kjøretyet har ho hengt ein gul vest, for å vera ekstra synleg.

-Kva seier familien, er dei ikkje redde for deg?

-Det har eg ikkje høyrt noko om, men dei oppfordrar meg til å ta med mobiltelefon slik at eg kan ringja viss eit eller anna skulle skje, svarar Finnøy-kvinna.

Det finst også innelukka turscooterar, men det vil ikkje Bjørg Olsen ha. Ho vil nyta Finnøy-naturen i fulle drag.

Bjørg Olsen, fødd Fugledal, har budd på Finnøy i heile sitt liv. Ho har jobba i gartneriet til Bjørn Vestø og vaska på båtane og på skulen, og bur nå i eldrebustad på Judaberg. Mannen, Edvin Olsen mista ho for 17 år sidan.

-Me ville at han og skulle få seg eit kjørety som dette, men det ville han ikkje, seier Bjørg Olsen, før ho sorglaust legg i veg vidare på sin daglege runde på den «vidunderlege øya Finnøy».