Denne hytta på Byre gjekk for 850 000 over prisantydning dagen etter at den blei lagt ut for sal. Foto: Eindomsmegler 1

RYFYLKE:

Stavangerfolk vil ha hytte i Ryfylke som aldri før.,

Torsdag sist veke var det visning på denne hytta på Byre til 5 600 000. Dagen etter blei hytta selt 850 000 kroner over takst. Det var to budgjevarar.

For vel ei veke sidan skreiv me om ein fritidsbustad på Mosterøy som gjekk for to millionar over takst.

Beliggenheit viktigast

- Hytta har ein spesiell god beliggenhet. Berre 30 meter frå sjøen, sørvendt og i lè for vinden. Innvendig er hytta fin, den treng ingen oppussing.

- Kva er det med Ryfylke?

-Ryfylke er eit populært hytteområde, uansett om tidene er gode eller mindre gode. Og når salsobjekta i tillegg er gode, går det ofte fort å selja i Ryfylke, opplyser Kjetil Helland i Eiendomsmeglar 1.

https://www.oyposten.no/2022/04/07/denne-eigedommen-gjekk-for-to-millionar-ovet-takst/

Han forklarer den gode hyttemarknaden slik:

- Som alltid er det beliggenheit, og beliggenheit som er det viktigaste. I tillegg er det enkelt å komma seg til Ryfylke, det er landfast med stavanger-regionen, og rentenivået er lågt. Dette er viktige ting som spelar inn på salet av hytter, seier Kjetil Helland.