Frå avdukinga av krigsminnesmerket ved Sjernarøy kyrkje. Håkon Eide leia seremonien, kor mange bygdefolk hadde møtt fram.

Jogeir Aartun søkte for fleire år sidan, om tilskot frå kommunen, til å reisa eit krigsminnesmerke, men det kom aldri svar.,

Men interessa for å gjera noko for å "heidra" dei fire frå øyane, blussa opp, då redaktøren for Øyposten, Rune Nedrebø, tok fatt i denne saka.

Ein av dei som engasjerte seg stort, var Håkon Eide, som tok på seg alt frå kontorarbeid til innsamling av dei midlene, som måtte til for å reisa eit krigsminne. Men dette gjekk svært så greit, givar gleda var stor, fortel Håkon. Mange vil nok påstå, at denne private dugnaden kom altfor seint, men det er ikkje til å koma forbi, at alle som deltok i krigshandlingar, mot den gong verdas sterkaste hærmakt, gav livet sitt for at me alle skulle få eit fritt Norge.

Dei som overlevde fem lange år i spenning mellom liv og død, vart meir og mindre påakta, då freden kom. Når ein veit kva spenningar dei vart utsette for, t.d. dersom dei var mannskap på skip, som gjekk i konvoi mellom Amerika og Murmansk, er det ikkje til å undrast på, at mange vart mentalt prega for resten av livet.

Tenk deg berre, dersom du var mannskap på ein av dei mange båtane, i konvoi på veg til Murmansk med farleg last. Etter nokre timar i sjøen, får båten der frame eit torpedotreff, frå ein tysk ubåt, og går ned etter få minutt. I sjøen der båten gjekk ned, kava overlevande for livet, tilgrisa av tungolje. Det blir høyrt rop om hjelp, men ingen av båtane hadde lov å stansa, for å redda kameratane sine frå ei våt og kald grav. Ein båt, som låg stille, var eit lett mål for ubåtar med sine torpedoar.

Mellom Island og Murmansk, patrulerte dei to tyske slagskipa Scharnhorst og Tirpitz, med ei enorm slagkraft. Det var slik, at så lenge desse to slagskipa var flytande, vart det store tap i konvoiflåten. Mange meiner at den norske handelsflåten, var avgjerande, til at Hitler tapte krigen.

Det kan seiast så mangt om at krigminne vart avduka 70 år etter hendingane. Men då krig er reine meiningsløysa, med sorg, sakn, tortur, drap og umenneskeleg lidingar, er det  på sin plass å reisa eit krigsminne, for å heidra dei som gav livet sitt for fedrelandet. "Betre seint enn aldri"!

Hjartans takk til redaktøren av Øyposten, som tok tak og nøsta opp i desse 75 års gamle tragediane.

Til deg Håkon Eide: Hjartans takk for all velvilje, og for alt arbeidet du har lagt ned, som gav framifrå resultat.

Utan Rune og Håkon,  hadde det nok ikkje blitt nokon bauta.

Jostein Hidle