Vøling av sjernarøykyrkja

Kyrkja i Sjernarøyane skal få ny kledning og nytt underlag på tak på våpenhus og kor.

Kyrkja på Sjernarøy er under oppussing.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Kledningen på heile sørsida av kyrkja skal skiftast ut. Den er frå 80-talet, og ikkje særleg bra. Den gong blei det ikkje brukt materialer av kjerneved, opplyser byggesjef Rune Langeland Rimestad i Stavanger kyrkjelege fellesråd til Øyposten.

Denne gongen er kledningen levert frå Riska Sagbruk, og er kjerneved av topp klasse.

Dessutan skal dei to nederste borda rundt kyrkja skiftast ut for å laga betre musesperre og lufting.

Også pannene på våpenhus og kor skal takast ned og reingjerast, og nye strø og papp skal også på plass. Innvendig er det utført eindel nødvendig elektrisk arbeid, mellom anna utskifting av ovnar.

Snekkerarbeidet blir gjort av Landsnes Bygg, og skal vera ferdig i løpet av tre veker.

Silviu Vesa (t.v.) og Sylwester Kowalski i gang med å leggja nye strø på våpenhuset.
  1. Kyrkje