Finnøybuar etablerer esportsenter

Idretten er i stadig utvikling og grundarane Ruben Eggebø og Sondre Madland frå Finnøy satsar på ein ny idrett for nye målgrupper. Det vil dei gjera ved å styrka fritidstilbodet til ungdommen gjennom sitt nye esportselskap Haven som startar opp i Stavanger til hausten.

Grundar Ruben Eggebø frå Finnøy er i ferd med å starta esportsenter i Stavanger. Foto: Privat.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

- Gaming har blitt «stuereint». Det er ikkje slik som mange gjerne trur, at gaming er for dei som ikkje  passar inn andre stader. Dei fleste har verken snudd døgnet på hovudet eller lever på Cola og Grandiosa. Det er ein myte som for lengst er utdatert. Kanskje var det meir slik før, men esport er ein sport på linje med annan sport og som vert utøva av vanlege folk med vanleg interesser. Viss sjakk er ein sport, er gaming ein sport. Dagens esportutøvarar blir stadig eldre og har alle slags bakgrunnar. Også jentene er sterkt representerte, fortel Ruben Eggebø som er dagleg leiar i Haven.,

For alle

E-sport treff breitt og er eit verktøy som kan brukast i idrett så vel som sosial mobilitet, det er dette potensialet Eggebø og Madland vil uynytta.

- Fordi mest alle born og unge i heile verda driv med esport, går det ikkje an å oversjå det faktum, difor kan ein like godt anerkjenne det. Me skal tilpassa oss tida me lever i, og starta eit senter som gir folk moglegheit til å spela i sunne og tryge rammer. Me skal baserera drifta på medlemskap med ei månadleg avgift som gir medlemmane rett til å spela så mykje dei vil ved senteret. Me veit at ved betaling per besøk er sjansane mykje større for at folk vert sittande heime åleine og spela, og går dermed glipp av sosialt fellesskap. Ved å  vera på senteret får ein større forståing for sporten og ikkje minst gleda av å oppleva den saman med andre.  Esport er ein seriøst sport som har utvikla seg i rekordfart, og det er utan tvil framtida, fortel Ruben.

Ved fleire vidaregåande skular i landet inngår esport som ein del av utdanningsprogrammet på studiespesialisering.

Grundarduoen ynskjer å satsa på esport som breiddeidrett, og vil hjelpa idrettslag, skular, lag og organisasjonar som vil utvikla sporten. Dei vil også tilby venegjengar utleige av rom for sosialt samvær.

Hindrar utanforskap

- Me ynskjer å legga til rette for at alle som driv med esport eller gaming skal få ein arena å utøva sporten på, samt eit fellesskap å vera ein del av, seier Madland.

Haven har fått positiv respons frå kommunen som har stilla seg bak prosjektet og som har vore delaktige i etableringa.

- Ruben Eggebø og Sondre Madland tok kontakt med meg i fjor haust med eit spennande konsept, eit esportsenter. Dei har jobba godt saman med andre og kanskje spesielt med Nordic E-sport (Nordic Edge) som kommunen har støtta med ein million kroner for å koordinera og bygga opp esport her i regionen. Ruben og Sondre har både eit idretts-og kompetansesperspektiv på esport samtidig som dei ser at senteret deira kan vera med å førebygga  utanforskap. Esport er stort, rundt 1,8 millionar personer i Norge spelar på nett. Det er mest utruleg kva for interesse og oppslutting dette har. Me har framleis god kontakt og eg gledar meg til å sjå korleis dei vil landa senteret sitt, seier næringssjef i kommunen Anne Woie.

- Kva er målet?

- No er me i oppstartsfasen og må konsentrera oss om å komma i gang på ein god måte. Det hadde sjølvsagt vore kjekt å klart etablera seg andre stader i landet også, men det blir på sikt. Stavanger har blitt ein skikkeleg esport-destinasjon som er langt framme i norsk samanheng, og har mykje spennande å by på. Det er med esport som med internett, det er komme for å bli, avsluttar dagleg leiar i Haven Ruben Eggebø.

Publisert: