Tryggheim byggjer for 200 elevar på Tau
Ryfylke får eit utvida kristen grunnskuletilbud frå neste år. Då skal nybygget til Tryggheim Strand stå ferdig med plass til 200 elevar.
FINNØY:
Skulen har i dag 75 elevar frå 1. - 10. klasse, og 11 av desse kjem frå Finnøy. Skulen held til i leigde lokaler på Tau, men til neste skuleår skal den nye skulen stå ferdig.,
-Bygginga er godt i gang, og me reknar med at bygget er ferdig i april neste år. Det vil gi oss god tid til å førebu innflyttinga, seier rektor Brynhild Samuelsen ved Tryggheim Strand til Øyposten.
Nybygget er kostnadsrekna til 65 millionar kroner, og er tenkt i to trinn. Det betyr at andre etasje blir ståande tom og klar til bruk viss søkninga til skulen tilseier det. Kapasiteten blir 200 elevar.
-Men klasserom, gymsal og auditorium vil bli tatt i bruk frå neste haust, legg Tryggheim-rektoren til.
-Kva vil nybygget bety for skulen?
-Me får ein heil annan skulekvardag, med eit nybygg som er bygd for å vera skule. Me håpar også at det vil gi oss eit godt utganmgspunkt for å veksa vidare, seier ho.
Tryggheim Strand er søsterskule til dei andre Trygg-heim-skulane, og er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bygginga blir finbasiert med lån frå hovudkassa pluss gåver og andre finansieringskjelder. Det er ikkje offentlege midlar inne i biltetet.