Desse er klare med årets influensavaksine: F.v bak: Oddny Kjølvik, Kirsten Løland Flesjå og Morten Hovdet. Framme f.v: Mertee Halleland og Marit Ekelund.

FINNØY:

– Ja, i år er det ekstra viktig at å ta vaksine, spesielt for dei i risikogruppene. Influensavaksinen beskyttar ikkje mot koronavirus/Covid-19. Men det er lurt å beskytta seg mot det ein kan beskytta seg mot, det finns vaksine mot influensa som beskyttar til ein viss grad. Me håper at det kjem vaksine mot Covid-19 etter kvart. Jo fleire sjuke, desto meir aukar risikoen for at fleire får alvorlege komplikasjonar. Mange sjuke samtidig legg ekstra byrde på helsevesenet, seier vaksinekontakt på legekontoret på Judaberg, Marit Ekelund.,

Eigne vaksinetider

For å beskytta pasientar og helsepersonell mot smitte, er det viktig å unngå fulle venterom.  Av den grunn vert det ikkje drop-in vaksinering på legekontoret i år.

- Eg kan ikkje understreka nok kor viktig det er at ingen må komma til legekontoret om dei har luftvegssymptom.

Frå 26. oktober er vaksinen tilgjengeleg på legekontora i Finnøy og Rennesøy. Pasientar må avtala tid for vaksinasjon på førehand. Ved begge legekontora er det sett av tre datoar i oktober og november for vaksinering av folk i risikogruppa. 27. og 28.oktober, samt 3.november mellom klokka 1400 og 1700. Alle andre enn dei i risikogruppene må venta til etter 1. desember.

Dei som allereie har legetime i dette tidspunktet, kan ta vaksinen samstundes, før timen.

- Trur du det er fleire som vil vaksinera seg i år?

- Ja, det trur eg. Fleire enn tidlegare har gitt uttrykk for at dei ynskjer vaksine, så eg håper me har nok til alle som vil ha, avsluttar Ekelund.

Du kan bestilla time for vaksine i Finnøy ved å gå inn på: finnoylegekontor.nefle.no, eller for Rennesøy: besoklegen.no, eller: rennesoylegekontor.no, eller via telefon. Prisen er 50 kroner for pasientar i risikogruppa, og for dei som har frikort er vaksinen gratis.

Dette er risikogruppene:

- Alle ifrå fylte 65 år

- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim

- Gravide etter 12. svangerskapsveke

Born og vaksne med:

- Diabetes type 1 og 2

- Kronisk lungesjukdom, hjarte-karsjukdom, lever – eller nyresvikt.

- Nedsett immunforsvar

- Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade

- Alvorleg fedme, (KMI over 40)

- Helsepersonell som har pasientkontakt