Birger Hetland (sp) på trappa heime på Helgøy. Han er truleg den som hadde lengst heimreis etter det kaotiske kommunestyremøtet måndag som varte i bortimot 12 timar.

Oddbjørg M. Måland,

SJERNARØY: - Eg reiste heimanfrå med ferja frå Helgøy klokka 0630 og var tilbake igjen klokka 2300. Ein 17 timars arbeidsdag kjennes. Eg trur nok eg var den med lengst reiseveg, og det merka eg godt då eg landa på sofaen i går kveld, fortel Hetland.

I fylgje Hetland var det fleire ting som gjorde at møtet i går utvikla seg eit kaosmøtet, blant anna innlemming av fleire kommunale føretak og budsjettbehandling. Mykje tid gjekk med til habilitetsspørsmål. Til saman 19 saker, inkludert fleire reguleringssaker, skulle etter planen behandlast på møtet i går.

- Men det var ikkje det verste.

- Eit dårleg planlagt kommunestyremøte og dårlege politiske prosessar, var nå ein ting, men mest like gale var omstendigheitene rundt. Det var ingenting som stemte.

- Få høyra?

- Kommunestyrerepresentantane blei delt inn i to grupper som blei plassert i kvart sitt rom utsyrt med skjerm. Eg kan ikkje uttala meg om korleis det var i det andre rommet, men der eg sat var det kaldt og trongt. For trongt til å ivareta smittevernreglane på ein forsvarleg måte, og for kaldt til å klara konsentrera meg. Faktisk måtte eg sitta med dunjakka på under heile møtet, og framleis fraus eg slik eg skalv. Det er ikkje lett å konsentrera seg då. Dessutan var skjermen plassert for lågt og den var for liten.

- Var det noko på møtet i går som fungerte?

- Ja, lyden var god, det er nok det beste eg kan sei om kaosmøtet. Eg høyrte ein kollega sa at det var det verste møte i hans 40 år lange politiske liv. Det var det for meg og, men eg har ikkje så lang fartstid. Men det var uansett eit minneverdig møte eg kjem til å hugsa, smiler Birger Hetland, som ikkje er avskremt etter kaosmøtet.