Den største eika som blei funnen under registreringa i sommar var denne, på Helland på Rennesøy.

RENNESØY:

På Helland, ikkje så langt frå Hausken Kyrkje fann koimmunen den gamle kjempa, som nå er registrert og ført inn i kommunale rullar.,

-Eika er nok flkeire hundre år gammal. Nøykatig kor mange er vanskeleg å seia, det kjem an på klima og andre forhold på staden. Slike gamle eiker rotnar dessutan innvendig, noko som gjer at me ikkje kan telja årringar,  seier naturforvaltar Ida Ur Storberget i Stavanger kommune til Øyposten.

Flest i Finnøy

Totalt blei det registert 476 hole eiker under teljinga som blei gjort over store deler av Stavanger kommune. Flest eiketrær var det i Finnøy kommunedel, kor det blei registert 224 eiker. Teljinga var på sjølve Finnøy og Talgje pluss på Ombo.

,På Rennesøy blei det registert 61 eiker, og i tidlegare Stavanger kommune blei det funnen 191 trær. For å bli registrert må eiketrea ha ein

diameter på minst 63 cm eller ein omkrets på minst to meter i brysthøgd. Dette blir rekna som hole eiker, sjølv om dei ikkje er hole, og er beskytta etter lova om naturmangfald.

Hole eiker kan bli 1000 år gamle og er heim for 1500 ulike arter sopp, lav og innsekter. Det blir stadig færre av desse flotte kjempene, som har hatt ein sentral plass i kultur og religion i fleire tusen år.

Med i Grøn Plan

Det er fleire hole eiker i området enn teljinga nå viser, etter som det blei gjort ei kartlegging av eiketrær i området for nokre år sidan. Til dømes er ikkje Fogn tatt med i desse tala, kor det mellom anna er eit skikkeleg prakteik.

Rersultatet av teljinga skal leggjast inn i den delen av Grøn Plan som handlar om naturmangfald, som kommunen nå jobbar med. Resultatet vil også bli registert i Miljødirektoratet sine sider. For å finna fram der i "naturbase.no" gjer du slik:

Velg «jeg ønsker å» -> naturtyper, naturmangfold. Huk av for naturtyper NiN og Naturtyper – DN-håndbok 13