Marilen Vågen og dottera Frøya får ein sjekk av tannlege Ivana Bera-Petrovic. Dette tilbudet vil Dagny Sunnanå Hausken kjempa for.

Dei små tannklinikkane si framtid er komen på dagsorden denne vinteren. Fylket vil i utgangspunktet kvitta seg med dei mindre klinikkane, kor det jobbar bare ein tannlege.,

Argumenta som blir førte i marka er velkjente. Større klinikkar vil gje større miljø gjera det lettare å rekruttera nye tannlegar, gjera det lettare å avvikla feriar og lettare å finna vikarar ved sjukdom eller fråver. Dessutan vil det vera pengar å spara, sjølv om det ikkje blir brukt som argument i denne samanhengen. Men for den gjeldstynga fylkeskommunen er det godt mulig at det likevel spelar ei rolle.

I vårt område er det to små tannklinikkar. Ein på Vikevåg og ein på Finnøy. Det er difor naturleg å tenkja seg at begge desse vil vera gjenstand for diskusjon i Tannhelse Rogaland, som styrer tannhelsetilbodet på vegne av fylkeskommunen. Førebels er det likevel tannklinikken i Vikevåg som har vore mest i faresona.

Høyres Elin Schanche har eit godt poeng når ho argumenterer med at folk ikkje er tent med små klinikkar, viss det ikkje er mulig å skaffa godt kvalifiserte tannlegar. Her har fylkeskommunen ein jobb å gjera med å skaffa kvalifiserte tannlegar og laga ordningar som gjer at også dei små klinikkane har eit fullverdig tilbod.

Det blir litt lettvindt når det vesle alltid skal vera for lite. For slik er det då verkeleg ikkje. Nærheten til dei som skal ha tenestane veg like tungt. Dessutan avteiknar det seg eit mønster som gjer oss betenkt. For vil det same argumentet i neste omgang bli brukt om legekontoret. Og kva med eldreomsorga.

Det er lett å peika på politireforma som ein klar parallel. Også der var argumentet at tilbodet skulle bli betre gjennom å samla ressursane.

Finnøy og Rennesøy er ikkje distrikt, vil det kunna innvendast. Nei, ikkje i forhold til mange andre stader. Men når stadig fleire offentlege tilbod blir fjerna og sentraliserte, kva står me då igjen med?

Det offentlege har ei nøkkelrolle i å halda oppe levande lokalsamfunn. Difor er me glade for at eit breitt fleirtal i Stavanger set foten ned, og så klart går inn for å oppretthalda tannhelsetilbodet i dei to kommunedelane. Her har varaordførar Dagny Sunnanå Hausken gjort ein god jobb med å samla støtte for forslaget sitt.

Alt kan ikkje vera som før, heiter det. Sant nok. Teknologien forandrar samfunnet vårt og gjer det nødvendig å ta grep. Men her handlar det ikkje om eit behov som er borte eller ei teneste som er blitt automatisert, men om folk som treng eit tilbod der dei bur.