Tannhelse Rogaland hadde digitalt styremøte i dag, kor mellom anna framtida for klinkken på Rennesøy stod på dagsorden. Frå venstre fylkestannhelsesjef Pernille Lysaker, assisterande leiar for Tannhelse Rogaland Steinar Løgith Aase, seniorrådgjevar Linda Næss og styreleiar Tore Nordtun. Resten av styret var med på datalinje. Foto: Rune Nedrebø) |

RENNESØY:

Styreleiar Tore Nordtun gjekk klart i mot forslaget om å vedta ei nedlegging av klinikken, då saka var oppe til behandling i det fylkeskommune foretaket Rogaland Tannklinikk.,

Saka skal nå vidare til fylkestinget i desember for endeleg avgjerd.

-Eg er ikkje enig i forslaget. Stavanger har sagt opp leigeavtalen utan at me visste noko. Eg vil heller at Tannhelse Rogaland går i dialog med Stavanger om å oppretthalda Rennesøy Tannklinikk i dei eksisterande lokala. Eg vil nødig at me sender frå oss ein plan som fører til full politisk strid, sa Nordtun på møtet.

Innvendingane frå Nordtun fekk brei støtte i styret.

-Det er eit klokt forslag, eg trur det er rett av oss å ta det litt med ro her. Det har vore eit tøft nok for mange med den nye kommunen, meinte styremedlem Tone Åslaug Kringeland.

Nortung er glad for utfallet i styret.

-Eg håpar fylkestinget lyttar til vedtaket i styret. Eg vil sterkt tilrå at det blir tatt nye rundar med Stavanger om å forlenga leigeavtalen. Det er også klart at det må gjerast noko med lokala, men uansett trur eg det er lurt å gå forsiktig fram, og ha respekt for at det først må gå seg til i ein stor kommune. Me kan ikkje bare sjå på geografi og kor mange som soknar til dei ulike klinikkane, dette må me sjå breiare på, meiner Nordtun.