Nå blir det gratis å kjøra her.

STAVANGER:

KrFs Henrik Halleland fekk ikkje fleirtal for forslaget om at Stavanger kommune skal forskottera gang- og sykkelvegen på Finnøy, slik at bygginga kjem raskare i gang. Forslaget blei bare støtta av Høyre og Venstre då saka var oppe i formannskapet torsdag.,

Fleirtalet i formannskapet, minus Fnb og Frp, vedtok det opplegget som Statens Vegvesen har anbefalt. Det inneber at bilistane skal betala 25 millionar kroner i bompengar ved at Finnfast-bommen blir ståande åtte månader lenger, og at fylket skal bidra med fem millionar kroner.

Fremskrittspartiet og Bompengepartiet vil nå prøva lovligheten av vedtaket. Det betyr at saka må ein runde til Fylkesmannen først, før ho kjem vidare. Siste ord i saka har Stortinget, men før det må også fylkeskommunen seia sitt.

Heilt låst

Leif Arne Moi Nilsen (frp) er sikker på at det ikkje er anledning til å bruka bompengar slik som foreslått.

-Finnfast er dessutan eit prosjekt som er bygd ved hjelp av ferjeavløysingsmidlar, og då er dette endå meir låst, seier Moi Nilsen til Øyposten. Han understrekar at også Frp meiner at strekninga burde vore sikra for lengst, men meiner fylket burde ordna opp.

-Difor hadde det vore mykje meir rim i om KrF, Høyre og Venstre fremja forslag i fylket om at fylket forskotterer midlane som trengst, seier Moi Nilsen.

Håpar det er lovleg

Bortsett frå Fnb og Frp var dei andre partia i formannskapet rimeleg trygge på at det ville vera lovleg å bruka Finnfast-pengar til å byggja gang- og sykkelvegen.

-Eg håpar denne lovligheten står seg. Det er ingen uenighet om at dette er eit viktig prosjekt, men Stavanger har ingen tradisjon for å forskottering og det ligg mange andre tilsvarande prosjekt i kø. Dette vil bidra til å auka lånegjelda i kommunen, som alt nå er høg. Me har i staden valt å prioritera skulebygging i Stavanger framfor å gi særordning for dette prosjektet, sa Dag Mossige (ap), som var overraska over at Høyre og Venstre støtta forslaget frå KrF om forskottering.

John Peter Hernes sa at Høyre går inn i dette med "åpne auger".

-Me prioriteter Finnøy-samfunnet. Det er rett at det vil auka lånegjelda, men eg er ikkje så redd for denne type gjeld som me får betalt tilbake, sa Hernes.