Oppfordrar bøndene til ryddedugnad

June Mjølsnes Steinnes hadde torsdag 27. april ein god rydderunde rundt på beiter i Finnøy for å plukka søppel. Der fann ho ganske mykje.

  • Øyposten Nett
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over seks år gammel

Under aksjonen «Hele Rogaland rydder» var det mange finnøybuar som tok seg ein tur ut for å plukka søppel i nærmiljøet. June Mjølsnes Steinnes frå Finnøy tok seg ein god runde rundt på beiter i nærmiljøet og plukka med seg ganske mykje søppel.

- Det er utruleg kor mykje søppel du kan finna, særleg etter siloballar, seier ho.

Tidlegare i vår skreiv Øyposten om bondelaget som ville organisera innsamling av rundballeplast og plast elles frå landbruket i Finnøy. På Fogn har dei ei slik løysing. Steinnes ynskjer å oppfordra alle bøndene til å rydda opp etter seg.

- Eg vil få ut bodskapet om å få alle bønder til å ta seg ein tur no før graset blir for langt, seier ho.

Det same ynskjer 15 år gamle Sindre Havn å gjera. Då han var ute å gjekk tur i Sjernarøyane for nokre veker sidan, kom han over eit syn med utruleg mykje rundballeplast ved ein tursti.

- Eg tenkte umiddelbart på denne kvalen som hadde så mange plastpåsar i magen, og eg tenker at dette umogleg kan vera bra for dyra som beiter her, seier han til Øyposten.

(Foto: Sindre Havn)

Les meir i neste vekes papirutgåve.

Publisert: