Coop Extra på Judaberg slit med å fylla opp is-diskane fort nok. Madalina Rugera har nettopp fått eit stort lass, nok til heile helga, forhåpentlegvis.

FINNØY:

Då Øyposten var innom for å sjekka var frysedisken så godt som tom for alle typar småis.,

Heldigvis var redninga nær, for like etter kom butikkmedarbeidar Madalina Rugera med eit svært lass, og fylte den tomme isdisken til topps igjen.

- Isen går ut mest fortare enn den kjem inn. Me opplever at det har vore litt utfordrande å få tak i nok is, fortel ho.

Det er ingen nyheit at butikkane blir tomme for is når det er ferie og finvêr, slik er det mest kvar år.

Ein telefon til Diplom-Is forsikrar oss om at leveransane av is går som normalt, og at alle butikkane får det dei har bestilt.

- Når det kjem til spørsmålet om levering, har ikkje Diplom-Is utfordringar med å levera på dei bestillingane som kjem inn, så her er det nok ein kombinasjon av ferie, godt sommarvêr og is-glade folk som gjer at isdisken vert tom fortare enn normalt, opplyser Digital- og PR ansvarlig, Anne-Lene Molland ved Diplom-Is.

Så skal ein heller ikkje sjå vekk frå Finnfast-effekten. Butikkane me har snakka med på Judaberg har alle merka større pågang etter at bommen blei gratis.