Hesby kyrkje. Her blir det 10 som skal konfirmerast denne hausten.|Sven Foldøen|Andreas Skartveit

Og det vart eit dramatisk hundreår i det norske religiøse landskapet. Det starta med at det var obligatorisk å stå i statskyrkja.  Dåpsplikt og konfirmasjonsplikt rådde. Over tid gav hundreåret to dissentarlover, nye kyrkjelydar med anna lære grodde fram over alt. Lekfolket vandra inn i kyrkja og kravde rom. Og då det neste hundreåret var ungt, skipa lekfolket sin eigen presteskule.,

Og impulsane frå utlandet strøymde på. Den tyske filosofen Friedrich Shleiermacher, påverka av Kant, hevda at religionen var noko eigenarta og sjølvstendig, fråkopla det intellektuelle og moralske livet. Han la vekt på den religiøse opplevinga. Han fekk mange følgjesveinar i Noreg, mellom andre Ole Hallesby i det neste hundreåret.

Den store svenske vekkingspredikanten C.O. Rosenius fekk stort nedslag i Noreg, først og fremst bøkene hans. Han er nok den svenske forfattaren som har selt flest bøker i Noreg. Frå Sverige kom også Lina Sandell, som song seg inn i norske bedehus, som det stendig vart fleire av.

USA hadde inga statskyrkje, og kyrkjelydar av mange slag fylte det religiøse rommet. Møteforma var friare, talane også. Og det vart skapt nye songar og ny musikk. Og i England fornya Frelsesarméen den religiøse musikken. Kvifor skal djevelen ha dei beste melodiane, spurde generalen.,

Kristne lekfolk var ute og reiste, og hadde med seg impulsar heim. Den norske bedehuskulturen er ein internasjonal kultur, med tilsig frå mange kontinent.

Ein av dei som henta impulsar frå USA, liksom Martin Tranmæl og Erling Falk, var ryfylkingen Sven Foldøen, frå Foldøy i Jelsa.

I 1903 kom han heim til Ryfylke og starta straks reising som vekkingspredikant. Hans  amerikanske metodar og framtoning førte han snart i konflikt med haugianismen, som sto sterkt i området. I haugianismen var vegen til eit sant liv i Kristus lang og tung. Hos Foldøen gjekk det fort. Og dei gamaltruande mislikte den nye musikken, «Kling-Klang», og «Utfylding i et religiøst Varieté-Væsen», som det vart sagt.

Andreas Skartveit Foto: FOTO: Wikipedia

Berner Meling har skrive ei masteroppgåve om Foldøyvekkinga i Ryfylke ved Universitetet i Stavanger. Foldøen var omstridd. Ein forfattar skriv: «Det sto strid om namnet hans i femti år. Mange tala vel om han, andre tala ille, og det stod godt folk på begge sider.» Nokre meinte at han vekte meir kristeleg liv i Rogaland enn nokon annan, medan andre hevda at han la alt svart rundt seg, både innanfor og utanfor kyrkja.

Han var grov i munnen. Frå talarstolen kunne han skjelle ut folk i salen. «Du ser ut som ein utsliten tresko», sa han til ei kvinne som stelte for han. Ungdommane heime som spela fotball på søndag, vart kalla djevlane på Kvameheia, som fotballbanen heitte. Eg var ein av djevlane.

Men mest problematisk vart tilhøvet til kyrkja og presten. Det var nær fiendskap. Foldøen hevda at presten preika folk til helvete. Og han stod på kaien og åtvara folk mot å gå til gudsteneste, fordi presten var ein heidning. Presten, Wettergren, pensjonerte seg etter 26 år på Finnøy, heimeøya til Foldøen. Nerveproblem vart oppgitt som grunn til pensjoneringa. Kampen mot Foldøen vart for tung.

Sven Foldøen

Andre gjorde offentleg motstand. Når svovelpreika vart for glødande, hende det at folk reiste seg og gjekk. Ein innsendar i Stavanger Aftenblad klaga over at Foldøen fekk låne kyrkja, «at den gøres til et varietéteater…Det nedbryder al aktelse og ærbødighed for det hus…»

Det vart offentleg strid om rett lære, der lekfolk av alle slag tolka teologien. Det vart heitt og bittert.

Det var viktige saker det sto om, rett lære om den rette vegen til den evige sæla, for ikkje å hamne i helvete. I kampen om sjelene kan det sjå ut til at Gud og djevelen hadde valt seg ut nokre ryfylkeøyar til slagvoll. Og striden vart bitrare ved at offiserane i Guds hær gladeleg bar våpen på kvarandre.

Og kampen var viktig for alle, på alle sider. Han gjekk inn i den stor konflikten i norsk 1800-tal, der folket sto mot embetet, sentralmakta og maktmonopola.

Etter kvart flytte både dåp og nattverd ut av kyrkja og inn i bedehuset. Kristiansandsbiskopen såg verda rase saman. Den frie nattverd er «samfundsoppløsningens Uhyggelige Tegn», slo han fast.