Blomsterprakten og Judaberg begeistrar

Blømande bed og kassar med blomster begeistrar tilreisande til Finnøy. Også dei lokale tykkjer Judaberg tek seg flott ut nå om sommaren med alle blomstene. På Facebook er Judaberg døypt «minimetropolen».

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Marit og Sverre Bergsholm frå Klepp synes det er velstelt og fargerikt på Finnøy.|-Bedet til Finnøy hagelag tek kaka, det er veldig fint, synes Anita Eriksen.|Anita Eriksen (t.v.) og Serina Nessa frå Judaberg har slått seg ned på den gamle ferjekaien, som er omkransa av blomar frå Coop'en.|Lukas Sivertsen prøver klatrestativet i handelslagshagen.|Tomas Kristoffer Ruud saman mTorjus Reilstad (t.v.) og Abel Sivertsen vaglar seg på toppen av klatrestativet.|Nyt sola i den gamle handelslagshagen på Judaberg. Frå venstreMaria Flesjå Sivertsen, Tore Schwartz Olsen, Halldis Flesjå Olsen og Sigrid Flesjå Olsen.

FINNØY:

-Det er fint med blomster, det gjer det kjekt for alle, seier Anita Eriksen og Serina Nessa frå Finnøy. Dei har slått seg ned ved bordet på den gamle ferjekaien, kor Coop'en har pynta med fine blomsterkassar.,

Anita Eriksen er også svært begeistra for bedet til Finnøy Hagelag.

-Det er kjempeflott, tykkjer ho.

-Bedet til Finnøy hagelag tek kaka, det er veldig fint, synes Anita Eriksen.

Det same synes ektepartet Marit og Sverre Bergsholm frå Klepp, som er på dagstur til Finnøy. Han har vore her før, men helst på kvelds- og nattestid som sjåfør med oppdrag å køyra kyllingar. Ho har også vore her før, men det er lenge sidan.

-Det er så fint og velstelt her, tykkjer Sverre Bergsholm, medan kona Marit synes bedet til Finnøy Hagelag tek prisen.

-Sjå dei flotte flittiglise'ne, koss får dei det til, undrar ho, og legg til at denne typen blomster treng ein heil masse vatn.

Annbjørg Austbø i Finnøy Hagelag seier at dei har vore og vatna og stelt bedet i sommar, og at det har gitt resultater.

Anita Eriksen (t.v.) og Serina Nessa frå Judaberg har slått seg ned på den gamle ferjekaien, som er omkransa av blomar frå Coop'en.

-Det skal ikkje så mykje som skal til, litt fargar, så tek alt seg så mykje betre ut. Før var det mest bare høymolrot og ugras på Judaberg, men nå tek det seg ganske bra ut, meiner ho, og tykkjer det er kjekt at folk set pris på blomsterprakten på Judaberg.

-Men nå trengs det snart ein omgang med luking igjen, legg Annbjørg Austbø til.

Nyt sola i den gamle handelslagshagen på Judaberg. Frå venstreMaria Flesjå Sivertsen, Tore Schwartz Olsen, Halldis Flesjå Olsen og Sigrid Flesjå Olsen.

I den litt avgøymde oasen, som den gamle handelslags-hagen er, har familien Flesjå-Olsen slått seg ned. Hagen ligg inn bak smauet ved Finnøy Blomster, og noko det første den nye kommunen gjorde var å senda inn gartnarar og sjaina opp området. Nå kan sola nytast på bord og benker under gamle frukttre, mens ungane kosar seg i gode klatrestaiv.

Lukas Sivertsen prøver klatrestativet i handelslagshagen.

-Det er veldig fint her, og kanskje ein plass som ikkje så mange veit om, seier Haldis Flesjå Olsen, som har gjort "byen" på Judaberg saman med familien.

- Me har vore på Kaihuset og Finnøy Blomster, ein flott dag, seier ho.

Tomas Kristoffer Ruud saman med Torjus Reilstad (t.v.) og Abel Sivertsen vaglar seg på toppen av klatrestativet.

Også på Facebook blir Judaberg lagt merke til. Her er nokre innlegg:

Berit Helen Gard

,Har prata med en del Rennesøybuer som for første gang har vært i Judaberg sentrum. De har vært helt fra seg av begeistring. De nevner spesielt, masse sitteplasser. Beste rekene, koselige butikker, velstelt flott beplantning og ikke minst blide gjestfrie folk. De synes Vikevåg sentrum er helt dødt sammenlignet. Keep up the good work

Bitten Samuelsen

,heilt sant! Det er fantastisk på Judaberg.. Rennesøy har mykje å lera av Finnøy. Må og legge til det fantastiska kai huset og alt dei har klart og etablera på innbyggjartorget.

Nils Petter Sandsøy Flygansvær

,Heilt sant, og heilt samd med deg.

.,Judaberg er blitt ein triveleg plass med kjekke folk.

.,Sjølv om Vikevåg virkar større enn Judaberg, med fleire butikkar, so er Vikevåg kjedeleg og grå samanlikna med "minimetropolen" Judaberg,