Mastra gjekk på sitt første tap

Mastra gjek på sitt første tap i årets serie, då dei tapte 2-1 i toppkampen og nabooppgjerdet borte mot Midtbygdens (MIL) på Tau fredag kveld.

Mastra gjekk på sitt første tap for sesongen, då dei tapte nabooppgjerdet mot MIL på Tau fredag kveld.
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY: For sjølv om Mastra hadde fått tilbake sin toppscorar og matchvinnar frå kampen mot Tasta,Mads Marius Hagelund Ueland som måtte stå over forrige kamp på grunn av karantene,var ikkje det tilstrekkeleg til å hindra at MIL innkasserte alle tre poenga og tok over tabelltoppen i 5.divisjonspulja som også Finnøy er ein del av.,

Tøff start på kampen

Og bortelaget fekk den verst tenkelege starten på kampen, ettersom MIL leia   2–0 alt etter 12 minuttars spel. Det etter scoringar av Jørgen Sandvik (4.min) og Samuelsen Jøssang Spørkel.Denne stillinga heldt seg fram til pause.Men det skulle likevel gå heile 84 minuttar før Mastra fekk si redusering ved Vegard Håvarstein .Han brakte derme ei ny spenning inn i kampen i sluttminuttane.

Eit hardt kjempande heimelag reid likevel stormen av, og kunne igjen overta tabelltoppen og dermed smykke seg med tittelen om framleis å vera det beste 5.divisjonslaget i Ytre Ryfylke.

Så langt i sesongen, ser det også ut til at opprykkskampen kjem til å stå mellom nettopp Mastra,MIL og bohemlaget Siddis.Men bak lurer også Tasta og Vardeneset 2.Eit Tasta-lag som påførte MIL sitt første poengtap i forrige serierunde.Dermed  går det mot ein uvanleg spanande sesongavslutning , der berre eitt lag kan ta steget opp i 4. divisjon når sluttstrek vert sett i slutten av oktober.

Publisert: