Frå ein tidlegare Fogna-marsj.

FOGN:

Start og mål er ved skulen, og løypa rundt øya er på ei mil. Det vert utdeling av medljar, alt etter kor mange gonger deltakarane har vore med. Den mest fornemme utmerkinga er ein ostehøvel, laga av Sølvsmeden på Finnøy. Det er for dei som har vore med 30 gonger. Det blir salg av brus og sjokoloade ved Selvåg. Mellom dei som har vore med flest gonger er Heidi Bø Sangedal, 31 gonger, bare slått av Jakob Bø jr. og Andres Sandanger. Dei har begge vore med alle 32 gongene marsjen er blitt arrangert. Det kostar 100 kroner å vera med, avgrensa til 300 per familie.