Nå kan det bli liv igjen i Otto-huset

Laurdag er det innkalla til dugnad i Otto-huset. Det vesle kulturhuset på Finnnøy kan så smått begynna å vakna til liv igjen, etter å ha vore stengt i over eit år på grunn av koronaviruset.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Det har vore stille i Ottohuset på Finnøy det siste året, men nå er det utsikt til aktivitetar igjen.|Finnøy og Rennesøy skal også få bysykler.

FINNØY

: -Me har ting på gang, og har artistar som er interesserte i å koma, seier Geir Landa i styret for huset til Øyposten.,

Otto-huset er såpass lite at det har vore umulig å ha arrangementer og samtidig ta hensyn til smittevernet, og difor blir også oppstarten igjen forsiktig. Men nå skal det likevel bli liv igjen i dei gamle stovene, lovar Geir Landa.

Laurdag klokka 10 inviterer styret for huset til dugnad. Då skal det vaskast og ordnast, og planen er også å utvida åpninga mellom dei to stovene.

-Me tenkjer oss å utvida åpninga med ein meter, slik at folk slepp å havna "bak veggen" under konsertar. Det vil gjera Otto-huset til eit meir eigna konsertlokale, seier Landa.

Det første som skjer er ei salsutstilling med arbeid av finnøyjenta Bodil Drange Pedersen 2. juli. Øyposten vil presentera eit fyldig intervju med henne i forbindelse med utstillinga.