Slår seg saman og blir størst i Ryfylke

Finnøy Økonomi AS har gått i kompaniskap med TF regnskap AS i eit nytt rådgjeving- og rekneskapsselskap.

John Erevik i TF Rekneskap og Siv Flesjå i Finnøy  Økonomi slår seg saman for å stå sterkare i ein stadig meir krevjande kvardag.  Foto: Privat
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Med samanslåinga blir det nye selskapet største aktør i sitt felt i Ryfylke.,

Begge selskapa skal bruka sine eksisterande namn i ei stund til, men vil i løpet av 2022 bli slått saman til eitt selskap, med nytt namn.

– I alle dei 25 åra Finnøy Økonomi har eksistert, har me samarbeida tett med TF rekneskap som har hovudkontoret sitt på Tau. Me har mykje til felles og kultur for samarbeid, og dei har stor kundekrins i både forretning- og primærnæringane. No tek me samarbeidet eitt steg vidare og går saman i eit selskap, seier dagleg leiar i Finnøy Økonomi, Siv Flesjå.

Fyrste steg var etableringa av eit felles holdingselskap der 50 prosent av aksjane er eigd av Finnøy Økonomi og 50 prosent av TF rekneskap sine eigarar. Holdingselskapet vil eiga begge selskapa, når dei blir slått saman til ein neste år, opplyser Flesjå.

Det nye selskapet blir totalt 35 tilsette som vil ha arbeidsplassane sine på Finnøy, i Forsand, Hjelmeland, Sjernarøy, Stavanger og Tau.

Elise Lunde som er gründer og hovudeigar i Finnøy Økonomi, ser lyst på samanslåinga.

– Me har gjennom alle år hatt godt samarbeid med TF regnskap. Bransjen er i rask utvikling og me må endra og tilpassa oss den nye kvardagen som kundane og me opplever. Det blir stadig større krav til oss som rådgjevar innan både landbruk og næringsliv elles. Med denne fusjonen er me klare for å utvikla oss vidare til beste for kundane, skriv Lunde i ei pressemelding tirsdag.

Publisert: